Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Har du opplevd?

Har du opplevd seksuell trakassering og/eller overgrep i idretten?

  • Snakk om det med nokon du stolar på.
    • Når du fortel om trakasseringa/overgrepet kan du få slutt på det. Det er også viktig at du seier i frå slik at denne personen ikkje får høve til å gjere det same med andre
  • Kontakt politi og/eller overgrepsmottak om du har blitt utsett for overgrep.
    • Politiet: tlf 02800 / www.politi.no (Du kan be om å få snakke med nokon som arbeider med seksuelle overgrep).
    • Overgrepsmottak: www.overgrepsmottak.net / www.dinutvei.no
    • Du kan be nokon du stolar på om å bli med deg til politiet/overgrepsmottaket.
  • Om du ikkje ønskjer eller tør å snakke med politiet/overgrepsmottaket er det andre som kan gje deg råd, til dømes:
    • Helsesøster
    • Fastlege
    • Alarmtelefonen for barn og unge (tlf. 116 111)3
    • Landsdekkande telefon for incest- og seksuelt misbrukte ( tlf 800 57 000)4
  • Ved seksuelle overgrep har du rett til gratis møte med advokat før du avgjer om du vil melde til politiet. Les meir her.
  • Sei i frå til idrettslaget ditt, kontakt styreleiar eller dagleg leiar.
  • Viss du ikkje tør eller vil ta kontakt med idrettslaget, kan du kontakte ansvarleg rådgjevar i NIF: Håvard B. Øvregård, tlf: 91 77 31 57 e-post: havard.ovregard@idrettsforbundet.no

Heile rettleiaren for handtering av saker som gjeld seksuell trakassering og overgrep i idretten finn du her.