Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Seksuell trakassering og overgrep

trakassering612.jpg

Nulltoleranse for seksuell trakassering og overgrep

Seksuell trakassering og overgrep skal ikkje skje i idretten, og er direkte i strid med idrettens visjon om idrettsglede for alle. Likevel veit vi at seksuell trakassering og overgrep skjer i idrettssamanheng, ofte utan at det blir rapportert, handsama og reagert på.

Norsk idrett har nulltoleranse for ei kvar form for diskriminering og trakassering (IPD, side 11). Dette betyr at det alltid skal reagerast på slike handlingar. Denne rettleiaren skal gjere det lettare å rapportere, handtere og reagere på seksuell trakassering og overgrep.

Norsk idrett har eigne retningsliner mot seksuell trakassering og overgrep.

Alle har ansvar for å gripe inn og varsle ved brot på retningslinene. Styret i kvart idrettslag har ansvar for at retningslinene er kjende og vert følgde.

Seksuelle overgrep er brot på Straffelova (kap.26), og skal meldast til og etterforskast av politiet.

Norges idrettsforbund har en veileder som skal gjøre det enklere å melde ifra om seksuell trakassering og overgrep i idretten. Veilederen finner du i nedtrekksmenyen under. 

Ønsker du veilederen i pdf-format kan du laste den ned her.

 

 

Veileder for håndtering av saker som gjelder seksuell trakassering og overgrep 

    • Snakk om det med nokon du stolar på.
      • Når du fortel om trakasseringa/overgrepet kan du få slutt på det. Det er også viktig at du seier i frå slik at denne personen ikkje får høve til å gjere det same med andre.
    • Kontakt politi og/eller overgrepsmottak om du har blitt utsett for overgrep.
    • Om du ikkje ønskjer eller tør å snakke med politiet/overgrepsmottaket er det andre som kan gje deg råd, til dømes:
      • Helsesøster
      • Fastlege
      • Alarmtelefonen for barn og unge (tlf. 116 111) www.116111.no
      • Landsdekkande telefon for incest- og seksuelt misbrukte (tlf 800 57 000) www.incest80057000.no
    • Ved seksuelle overgrep har du rett til gratis møte med advokat før du avgjer om du vil melde til politiet. Les meir her: https://dinutvei.no/utsatt/251-rett-til-bistandsadvokat
    • Sei i frå til idrettslaget ditt, kontakt styreleiar eller dagleg leiar.
    • Viss du ikkje tør eller vil ta kontakt med idrettslaget, kan du kontakte ansvarleg rådgjevar i NIF: Håvard B. Øvregård, tlf: 91 77 31 57, e-post: havard.ovregard@idrettsforbundet.no
    • Hjelp den som har opplevd trakassering/overgrep.
    • Kontakt politiet dersom du veit eller er usikker på om det gjeld eit lovbrot
    • Sei i frå til leiinga i idrettslaget
    • Alle har etter lova (Straffelova §196) plikt til å melde frå til politiet dersom dette vil hindre nye overgrep. Les meir om denne plikta (avvergingsplikt) her
    • Viss du ikkje tør/vil ta kontakt med idrettslaget, kan du kontakte ansvarleg rådgjevar i NIF: Håvard B. Øvregård, tlf: 91 77 31 57, e-post: havard.ovregard@idrettsforbundet.no
    • Hjelp den som har opplevd trakassering/overgrep.
    • Kontakt politiet dersom du veit eller er usikker på om det gjeld eit lovbrot.
    • Kontakt idrettskrinsen i fylket for hjelp til handteringa i idrettslaget.
    • Syt for at saka vert handtert i idrettslaget, sjå råd under.
    • Seksuell trakassering er seksuell merksemd som er uønskt og plagsam for den det rammar.
      • Det er opplevinga hjå den som vert utsett for handlinga, og ikkje intensjonen til den som utfører handlinga, som avgjer om det er seksuell trakassering.
    • Seksuelle overgrep er seksuelle handlingar utførd mot nokon som ikkje gjev eller er i stand til å gje samtykke.
    • Døme på straffbare handlingar er
      • Valdtekt
      • Berøring av kjønnsorgan og bryst
      • Å ta, lagre eller formidle seksualisert bilete
    • Seksualisert handling overfor barn under 16 år er i utgangspunktet alltid straffbart.
    • Idrettslaget skal ta alle meldingar alvorleg.
    • Meldingar om seksuell trakassering og overgrep skal handterast av leiinga (dagleg leiar / styreleiar) i hovudlaget.
    • Ein trenar eller tillitsvald i idrettslaget som vert kontakta av nokon om ei slik sak skal straks ta dette vidare til dagleg leiar eller styreleiar.
    • Om det gjeld overgrep mot myndig person skal ein sterkt oppmode personen om å sjølv melde saka til politiet, og gjerne tilby å bli med personen til politiet.
    • Om det gjeld overgrep mot ein mindreårig skal ein informere føresette, og i samråd med desse melde saka til politiet
      • Dersom ein mistenkjer at den/dei føresette sjølv har utført seksuelle  overgrep mot den mindreårige bør ein ta kontakt direkte til politiet, eller kontakte barnevernet i kommunen.
    • Det er avgjerande at slike saker vert handsama snarast råd.
      • I saker som kan vere lovbrot skal ein kontakte politi med det same (same dag) på telefon 112 (akutt) eller 02800.
        • Om ein er i tvil om kva ein skal gjere, skal ein kontakte politiet, legge fram saka og spørje dei om råd.
        • Idrettslaget skal avklare si oppfølging av slike saker med politiet, for å ikkje øydelegge for politiets etterforsking.
      • I andre saker skal leiinga handtere saka snarast råd, og seinast innan ei veke.
        • Til dømes ved å utnemne saksansvarlege i styret og avtale møte med dei involverte.
    • Idrettslaget skal aldri hindre eller råde nokon frå å kontakte politiet.
    • Kontakt idrettskrinsen i fylket for hjelp til handteringa i idrettslaget.
    • Det er hovudstyret i idrettslaget som handsamar og gjer vedtak i saka.
      • Som i andre saker skal styrets medlemar vurdere sin habilitet[1], og dette bør kome fram av relevante protokollar.
    • Alle saker skal følgjast opp, uavhengig av om saka vert handsama av politiet
      • Dette gjeld både om nokon vert dømd i saka, eller om saka endar med frikjenning eller at saka blir lagt bort («henlagt»).
    • Styret bør peike ut to personar i styret, helst ein av kvart kjønn, som er saksansvarlege.
    • Medan saka er under handsaming av politi eller rettssystemet, skal idrettslaget;
      • vurdere om saka skal meldast inn til NIFs domsutval for suspensjon av involverte
      • be person(ar) som er skulda for å ha utført seksuell trakassering eller overgrep om å ha ei tilbaketrekt rolle til saka er handsama.
      • vurdere å hente inn ny(e) politiattest(ar). 
    • Saker som ikkje er politisaker, eller som er ferdig handsama av politi/rettssystemet, skal følgjast opp av hovudstyret ved dei saksansvarlege.
    • Dei saksansvarlege bør halde separate møte med dei involverte, og vurdere om ein skal hente inn anna informasjon. På bakgrunn av dette lagar dei eit saksframlegg til styret.
    • Idrettslaget er oppmoda om å kontakte idrettskrinsen for hjelp i slike saker.
    • Leiinga i idrettslaget skal alltid opprette ein sakslogg når ein tek i mot meldingar som gjeld seksuell trakassering eller overgrep. Her loggfører ein dei ulike hendingane i saka, med dato, tidspunkt og kva hendinga gjeld.
    • Loggen kan vere i denne forma:
      • [Dato]   [Tidspunkt]         X mottok telefon/e-post om saka frå person Y
      • [Dato]   [Tidspunkt]         X snakka med dagleg leiar om saka
      • [Dato]   [Tidspunkt]         Dagleg leiar snakka med person Y
      • [Dato]   [Tidspunkt]         Dagleg leiar informerte styreleiar
    • Unngå å skrive personopplysningar i loggen.
    • Målet med loggen er å enkelt kunne gjere greie for sakshandsaminga i idrettslaget. Dette bidreg til ei ryddig sakshandsaming internt, men er også viktig dersom saka skulle vere alvorleg og seinare bli følgt opp av til dømes politi eller media.
    • Logg og all saksinformasjon skal handsamast konfidensielt og av så få personar som mogeleg.
    • Styret skal sikre at informasjon om saka ikkje blir formidla til andre enn dei som treng det for å handsame saka.
    • I saker som kan gjelde lovbrot skal idrettslaget spørje politiet om råd før ein informerer andre i gruppa/idrettslaget, til dømes foreldre/føresette.
    • Ryktespreiing og snakk gjer politiets etterforsking / idrettslaget si handsaming vanskelegare, og er ei ekstra belasting for dei menneska saka gjeld.
    • Leiinga i idrettslaget skal ta vare på dei involverte, og legge til rette for at handteringa av saka ikkje fører til unødig påkjenning for desse.
    • Idrettslaget har eit særleg ansvar for å ta vare på den/dei som kan ha opplevd trakassering eller overgrep, og legge til rette for at den/dei skal kunne halde fram i idrettslaget. 
    • Seksuell trakassering, overgrep, og brot på NIFs retningsliner mot seksuell trakassering kan sanksjonerast etter NIFs straffeføresegner («straffebestemmelser»).
      • Dette inneber at eit idrettslag, eller eit anna organisasjonsledd i NIF, kan påtale forholdet til NIFs domsutval.
      • Domsutvalet kan suspendere vedkomande i vente av endeleg avgjerd, og kan etter denne gje ein reaksjon som mellom anna kan omfatte utestenging frå all deltaking i norsk idrett.
      • Når det vert vurdert å påtale eit forhold til NIFs domsutval, bør ein kontakte idrettskrinsen for nærare rettleiing.
    • Om idrettslaget vil gje andre reaksjonar, bør ein kontakte idrettskrinsen for råd.