langrennsjenter.jpg

For dyrt for mange å drive idrett!

Høgt kostnadsnivå i idretten har i fleire veker vore eit tema i avisene. Norges idrettsforbund er bekymra for at eit høgt kostnadsnivå stenger for barn og unges oppleving av idrettsglede.

Kronikk av: Anja R. Veum, utviklingsleiar og Håvard B. Øvregård, rådgivar verdiarbeid i Norges idrettsforbund. Ei kortare utgave av kronikken stod på trykk i Aftenposten 18. mars 2015. 

«Idrettsglede for alle» er norsk idretts visjon. Idretten skal være open og inkluderande, og særleg viktig er dette for oss i barneidretten. Vi vil at alle barn som ønskjer å drive idrett, skal ha høve til det. Dette set krav til idrettsorganisasjonen om å ikkje legge ei økonomisk list for høgt.

I og med at idretten er ein så stor del av samfunnet i Noreg, er det naturleg at idretten speglar utfordringane i samfunnet. Vi vil òg ta ansvar og vere ein del av løysinga.

  • Vi veit at det i Noreg er 78 000 barn i familiar med låg betalingsevne.
  • Vi veit at om lag 80 prosent av alle barn har vore innom idretten, og at idretten er ein av dei viktigaste sosialiseringsarenaene i samfunnet. Vi veit at kostnader – medlemskontingent, treningsavgift, reiser, utstyrsinnkjøp – er ein av fleire faktorar som hindrar barns deltaking.
  • Vi veit at fattigdom er vanskeleg og skambelagt å ta opp, både for barn og foreldre. 

Utfordringa med økonomi som barriere for barn og unges deltaking i idrett er todelt:

  1. Barn og unge som på grunn av familiens økonomi ikkje kan delta i idrett i det hele tatt.
  2. Barn og unge som på grunn av familiens økonomi ikkje kan delta i enkeltidrettar eller enkeltidrettslag som har utvikla en kultur med høge kostnader, som kan vere i form av utstyr, treningssamlingar, konkurransar og lønna trenarar. Det er diverre idrettar der økonomi er ein barriere for barns deltaking i familiar med gjennomsnittleg inntekt.

Vi i idretten må ta tak i begge desse utfordringane, men dei krev løysingar med ulik tilnærming. Når familieøkonomi hindrar barn i å delta på «vanleg» breiddeaktivitet i dei mest utbreidde idrettane, må dette løysast i eit samarbeid med det offentlege, og det er ei utfordring vi må finne løysingar på. At ikkje alle barn har høve til å drive med dei dyraste idrettane, er ikkje eit like stort problem. 

Hovudproblemet i dag er når dei store idrettane som fotball, handball og ski blir så dyre at dei ekskluderer. Ei slik utvikling krev at både de gjeldande idrettane og Norges idrettsforbund må handle.

Alle som er med på å legge til rette for idrett må vere merksame på korleis økonomi kan ekskludere. Alle organisasjonsledd i norsk idrett må utfordrast, og bli bevisste på økonomi som barriere og korleis ein kan kome over barrieren. Vi må sikre at breiddeidretten er tilgjengeleg for alle.

Idrettsforbundet og særforbunda må bli tydelegare på temaet og lage retningsliner for utstyr og reiser. Idrettslaga må sjølve ta opp utfordringa med kostnader, og kvar enkelt trenar og lagleiar må hugse at idretten har som mål å inkludere flest mogeleg. Då må ikkje kostnadene bli så høge at dei ekskluderer. Det finst òg ei rekkje prosjekt og tiltak i regi av idretten, som særleg har som mål å inkludere. Enkelte støtteordningar finst også, særleg i dei største byane.

Kvar føresett må være medviten det som skjer i lokalmiljøet. Det er viktig å engasjere seg til beste for eigne barn, men også for eige lokalsamfunn. Dei med god betalingsevne må passe på at ein ikkje umedvite dreg kostnadsnivået opp. Ein lettvint praksis med å «betale» seg ut frå dugnader fører ofte til høgare kostnader for andre. Vi har i det siste høyrt om 12-årslaget som drog på treningssamling til Barcelona, eller idrettslaget som hadde skisamling for barna i Alpane. Dette er heilt sikkert berre positivt meint frå initiativtakarane, men det er ikkje ei positiv oppleving for dei barna som ikkje har råd til å bli med. Alle bør tenkje på korleis ein sjølv hadde reagert om ein ikkje hadde råd å sende sonen eller dottera på den samlinga alle andre deltok på.

Heldigvis har vi mange døme frå idrettslag som finn løysingar på korleis ein tek vare på alle, uavhengig av betalingsevne. Vi er avhengige av dei som gjennom å ta ansvar inkluderer alle.

Til slutt vil vi rette ei utfordring til det offentlege. Ein av dei største kostnadsdrivarane i idretten på lokalt plan er leige av anlegg. I dag er det mange foreldre som må jobbe dugnad for å skaffe pengar til leige av kommunale anlegg, for å seinare jobbe gratis som trenar. Ved gratis trening i kommunale hallar og anlegg, vil kostnadsnivået gå ned.

Utfordringar som vert skyvd under teppet vert ikkje løyst. Difor er norsk idrett glade for at kostnadsnivået i idretten blir diskutert i meda.

Idretten vil ta tak i denne utfordringa.