Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

 

Per Birger Lomheim er «Årets frivillig i fylket – Idrettsnamnet 2018»

Per Birger Lomheim_.jpg

Per Birger Lomheim frå Hafslo IL er Sogn og Fjordane sin kandidat til prisen «Årets ildsjel 2018» som delast ut på Idrettsgallaen på Hamar 6. januar. Han blir då også vinnar av «Årets frivillig i fylket – Idrettsnamnet 2018». – I meir enn 50 år har Per Birger vore aktiv, leiar, trenar og eit stort førebilete for born og unge.

Utmerkinga «Årets frivillig i fylket – Idrettsnamnet 2018» vil Per Birger få utdelt på Idrettskrinstinget i april neste år. Vi gratulerer Per Birger så mykje med utmerkinga!

Av dei 19 fylkesvinnarane vel juryen av «Årets ildsjel 2018» fem finalistar som blir offentleggjort i neste veke. Dei fem finalistane vil kjempe om den høgthengande prisen som delast ut på Idrettsgallaen 6. januar.

Her kan du lese grunngjevinga for nomineringa:

Per Birger har lagt ned eit enormt arbeid for idretten, både i heimebygda Hafslo, i Luster kommune og i heile fylket. I meir enn 50 år har han vore aktiv, leiar, trenar og eit stort førebilete for born og unge. Per Birger har delteke i frivillig arbeid i form av leiarverv, styreverv, trenarverv og dugnadsarbeid generelt i Hafslo IL, Luster idrettsråd, Sogn og Fjordane skikrins og anna organisasjonsarbeid innan både kultur og næringsliv i fleire tiår.

Han var med på å dra i gong turrennet Hafslovatnet Rundt i 1962 (som første turrenn i Sogn og Fjordane). Han vart trenar, krinsinstruktør og hoppdommar i 1969. Og i nyare tid er han kjend som "primus motor" for etablering av Sogn skisenter på Heggmyrane.

Per Birger er ein typisk "ja"-person. Valnemnder i Hafslo IL har sjeldan fått nei på spørsmål om å ta på seg eitt eller fleire frivillige verv, og ofte fleire same året. Han har vore styremedlem i Hafslo IL frå 1962 til 2004. I fire år var han også leiar. Likevel er det skigruppa han har lagt ned mest dugnadsarbeid i, både som leiar og rennleiar for Hafslovatnet Rundt, langrenn, alpint og hopprenn.
Han har vore med i skriftnemnda til jubileumsbøker i Hafslo IL, både til 50 års- og 75 årsjubileum. I tillegg har han skrive eit historisk hefte til Hafslo stadion sitt 50-årsjubileum. 
I 2009 vart han ærsmedlem i idrettslaget.

Hoppinstruktør har han vore frå 1969 til dags dato. Han har lagt ned uendeleg med dugnadstimar, særleg innanfor hoppmiljøet på Hafslo og elles i fylket.
Han starta arbeidet som leiar i kontaktutvalet for idrett i Luster kommune år 1976, som seinare vart kalla idrettsråd, og har stort sett vore med seinare til i dag.
I dag er han styrerepresentant i Luster idrettsråd og leiar for hoppgruppa på Hafslo.

Med si enorme og allsidige erfaring frå ulike idrettar, har han også vore svært engasjert i arbeidet med utvikling og utbygging av idrettsanlegg. Han var aktivt med å få etablert Sogn skisenter på Heggmyrane og var styreleiar frå 1980-1990. Han leia arbeidet med utbygging av langrenns- og alpinanlegget frå 1980-1987. Per Birger Lomheim har også over tid lagt ned eit stort arbeid i Sogn skikrins, først som krinsinstruktør i hopp frå 1970-1980, medlem og leiar av hopputvalet, anleggsutvalskontakt frå 1970-1986, anleggsrådgjevar for hopp i 1974 og langrenn i 1983 i Norges Skiforbund. I Sogn og Fjordane idrettskrins har han vore møtande medlem av styret frå 1974 og nestleiar i perioden 1983-1988. Per Birger har også konstruert Kvamsbakkane på Hafslo, Kleivebakkane på Langeland i Førde og Seljesetbakken i Hornindal. Han har vore kretsdommar i hopp frå 1984 og forbundsdommar frå 1987.

Per Birger har fått tildelt Sogn og Fjordane Skikrins sitt heidersmerke med diplom (1998) og heidersstatuett (2004), og i 2016 fekk han Kulturprisen i Luster kommune.

I tillegg til alt ovanfor, har Per Birger vore aktiv skihoppar frå 1952. Trass i at han har passert 70 år, bidreg han framleis aktivt med dugnad, som instruktør mm. Han har 5 KM-titlar i hopp senior og 3 KM-titlar i kombinert senior. Han vart fylkesmeister i hopp i 1971, og i kombinert i 1974 og 1976. Som veteran har han også gjort seg bemerka internasjonalt i VM, med fleire individuelle medaljar.

Det er sikkert mykje meir som kunne vore nemnt. Hafslo IL er uansett svært stolte av å ha ei slik eldsjel i klubben, og vi meiner han er ein sjølvskriven kandidat til Årets eldsjel 2018!