Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Narve Heggheim ny anleggs- og utviklingskonsulent

Narve Heggheim_580x354.jpg

Narve Heggheim vert Idrettskrinsen sin nye anleggs- og utviklingskonsulent, og tek til i stillinga 1. august 2019. Heggheim vil ha kontorstad på Idrettens Hus i Førde.

 

Narve Heggheim kjem no frå stillinga som organisasjonssjef i Norges Friidrettsforbund. Heggheim er svært godt kjent med idretten i fylket, til dømes gjennom si rolle som dagleg leiar for friidrettskrinsen i mange år. Sentrale oppgåver for Narve vil vere å støtte og bidra til utvikling av idrettsråda, generelt samspel med fylkeskommunen, følgje opp høyringar, og gjennomføre temakveldar/samlingar om anlegg.

Vi i Idrettskrinsen er svært glade for tilsetjinga, og ser fram til å få Narve med på laget.