Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kva må til for å bygge kultur, skape og gjenskape prestasjonar på høgt nivå?

IMG_7979.JPG

Prestasjonskultur var eit sentralt stikkord for tema på fagseminaret i Florø 8. april, der om lag 90 frammøtte fekk med seg svært aktuelle tema for å bygge utviklings- og prestasjonsmiljø i idretten.

 

Jorunn Sundgot-Borgen, professor ved Norges Idrettshøgskule seksjon for idrettsmedisin, innleia seminaret med fokus på spenningsfeltet kroppspress, helse og prestasjon. Ho tok føre seg viktigheita av god tilrettelegging for at idrettsutøvarar skal få gode dagar i treninga, der sjølvsagt godt kosthald er heilt avgjerande for restitusjonen og utbytte av treninga. I tillegg sette ho fokus på kva rolle dei rundt utøvaren bør ha.
Ho formidla frå sin 25 år lange erfaring ved idrettshøgskulen og Olympiatoppen på dette fagfeltet, og er ein pioner som forskar på eteforstyrringar i idretten og ein stor fagekspert på området.

Friidretten i Gloppen er ein av mange gode utviklings- og prestasjonsmiljø i fylket vårt. Gloppen Friidrettslag ved Jørund Årdal og Ole Morten Mardal formidla kva som ligg i botn for å utvikle unge utøvarar, kva dei er gode på og kva dei trur andre kan lære av Gloppenmiljøet. Unik kompetanse og treningskultur, men også eit veldig godt treningsmiljø som er open for alle som vil vere med på treningar. GFIL-utøvarane Thomas Mardal og Marcus Røed Frøyset fortalte om sin treningskvardag.

    

Bjørge Stensbøl avslutta seminaret med foredraget «Alt handler om kultur og ledelse for å bygge prestasjonskultur». Som tidlegare toppidrettssjef i Olympiatoppen var han sterkt delaktig i å bygge opp den norske toppidrettskulturen frå 90-talet og utover, og er ein av våre fremste på området å skape resultat og få fram gode prestasjonar.

    

"Kroppspress, helse og prestasjon" - Jorunn Sundgot-Borgen

"Kva ligg i botn for stadig å få fram utøvarar som presterer på høgt nivå? Kva er vi gode på og kva trur vi andre kan lære av oss?" - Jørund Årdal og Ole Morten Mardal, Gloppen Friidrettslag

"Alt handler om kultur og ledelse for å bygge prestasjonskultur" - Bjørge Stensbøl