Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Idrettens Møteplass 2018: Inspirasjon og motivasjon

IMG_20181027_132021.jpg

Idrettens Møteplass vart arrangert laurdag 27. oktober, med ca 120 engasjerte deltakarar totalt.

 

Foredrag:
Dagen starta med ei kort innleiing frå styreleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins, Nils R. Sandal og intro frå Olympiatoppen Vest ved Pia Mørk Andreassen. Foredraget "Foreldre som ressurs" ved Michael Jørgensen vekte engasjement blant dei nær 70 deltakarane. Inspirasjon og motivasjon var dei mest delte tilbakemeldingane på kva ein tok med seg frå foredraget. 

Treningssamling:
35 ungdomar deltok på treningssamling på tvers, under kyndig leiing av Atle Hole Sæterbakken frå Høgskulen på Vestlandet og basistrenar Cecilie Eriksen frå Olympiatoppen Vest. Ungdomane fekk grundig rettleiing og øving på grunnleggjande ferdigheiter - smilet kom fram og sveitten blei løyst! Kommentarar frå tilhøyrarar var at dette burde alle idrettar og lærarar i skulen få med seg. Det var lagt vekt på bruk av enkle hjelpemidlar/utstyr, slik at alt skulle vere overførbart til eigen treningskvardag. 

Nytt på treningssamlinga var foredrag om ernæring for aktiv idrettsungdom ved Pia Mørk Andreassen frå Olympiatoppen Vest. Salen var fullsett, og fleire foreldre og trenarar/leiarar ynskte å få med seg foredraget. Fokus på ein kropp som skal prestere, framfor "presentere" var noko av essensen frå Olympiatoppen. 

Kurs paraidrett
Kurs tilrettelegging paraidrett hadde 8 deltakarar, med kurslærar Christian Jensen. Kurset fekk toppkarakterar frå deltakarane i høve fagleg tilnærming og praktisk utbyte. 

 Andre forum/kurs denne dagen: 

  • Haustmøte Sogn og Fjordane Skikrins
  • Ope lagleiarmøte Sogn og Fjordane Orienteringskrins
  • Møte Sogn og Fjordane Friidrettskrins

Vi takkar for oppmøtet!