Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

 

Idrettens Møteplass 2017

IM_.PNG

Over 150 påmeldt til Idrettens Møteplass 2017 - laurdag 11. november på Sogndal vgs. No også med bokslepp!

Her kan alle i idretten i Sogn og Fjordane møtast - tillitsvalte, frivillige, tilsette, trenarar, føresette og utøvarar frå særkrinsar/regionar, idrettsråd og idrettslag.

Det ligg an til ein god møteplass for idretten i fylket med over 100 på plass for å få med seg Johan Kaggestad med foredraget "Allsidig grunnlag for å nå toppen" ved Sogndal vgs. 
I tillegg boksleppet «50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane» av Rune Fossum Lillesvangstu / Selja Forlag.

50 unge utøvarar er klar for "Treningssamling på tvers" med Even Hole og Mathias Lilleheim i Sogndal idrettshall.

Sjå oppdatert PROGRAM

Bokslepp! «50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane» av Rune Fossum Lillesvangstu / Selja Forlag.
Dette er boka om nokre av dei beste idrettsutøvarane frå Sogn og Fjordane. Her er kjende og ukjende historier, gløymde heltar frå gamle dagar og verdsstjerner frå vår eiga tid. Her kan du sjå kven dei 50 er

Det blir også boksignering og presentasjon av boka ved forfattar og forlag.

Andre forum denne dagen:

Kart over Fosshaugane Campus med oversikt over Sogndal vgs. og Sogndal idrettshall.

Velkomen til årets møteplass for idretten i Sogn og Fjordane!