Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Forslag på kandidatar til nytt styre i Vestland Idrettskrins

klubbe_web.jpg

Valkomiteen har starta arbeidet med å setje saman styret i nye Vestland Idrettskrins for 2020-2022 og ber om forslag på kandidatar.

 

I november 2019 skal det haldast krinsting der Sogn og Fjordane idrettskrins og Hordaland idrettskrets skal gå saman til Vestland idrettskrins. På tinget skal det blant anna veljast styre for 2020 - 2022.  Valkomiteen har starta sitt arbeid og ber om forslag på kandidatar som kan vere aktuelle både for styret og kontrollkomiteen i Vestland idrettskrins.

Valkomiteen utfordrar alle til å kome med minst ein kandidat og at dei som blir føreslegne er førespurt på førehand. 

Fyll ut svarskjema og returner til leiar av valkomiteen på epost tore@minde-snekkeri.no  innan 5. april 2019.

 

Valkomiteen har følgande samansetnad:

Leiar:  
Tore-Christian Gjelsvik, Askøy Fotballklubb.

Medlem:
Arvid Gimmestad, Gloppen Handballklubb
Siv Øye Carlsen, Sotra IL
Linda Hovland, Dale IL
Magne Knudsen, Årdalstangen IL
Sonja Velure, Solnut

Vara 1:  Jorunn Åsfrid Røyrvik, Vik IL
Vara 2:  Lars Riis Ellingsen, Tertnes Håndballklubb