Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Klubbens styrearbeid i praksis

lovhefte2.png

Kurset gir deltakarane grunnleggande forståing for kva som er styret sitt ansvar og arbeidsområde, og kva det vil sei å vere tillitsvalt i eit idrettslag.

Du blir kjent med dei viktigaste lovene og reglane som idrettslaget må halde seg til, og du får tips om gode verktøy for styrearbeidet. Uansett om du er ny eller har mange år bak deg kan eit styrekurs vere med å gjere kvardagen enklare i idrettslaget.

Kurset er delt inn i tre hovudtema:

  1. Ansvarsoppgåver:
    Kva formelt ansvar har styret og kva kan gjerast for å ivareta ansvaret? Idretten sine lover og reglar, styret sitt ansvar og økonomistyring.
  2. Strategioppgåver:
    Korleis sikre at idrettslaget står sterke til å møte framtidige utfordringar?
  3. Ressursoppgåver:
    Kva ressursbehov har idrettslaget og korleis ivareta dei? Organisering og samspel med dei ressursane som finst i idrettslaget.

Målgruppe: Hovudstyret, gruppestyra, administrasjon (dagleg leiar), sportslege leiarar/sportsleg utval, valkomitéen, andre tillitsvalte

Vi kjem ein kveld til idrettslaget og held kurset, og det er kostnadsfritt for idrettslaget.

For meir informasjon, ta kontakt med:
Idrettsfagleg konsulent Bodil Ryste, tlf. 97518349
Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no