Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Leiarkurs for ungdom

lederkurs.png

Vi utdannar unge idrettsleiarar som VIL, KAN og TØR bidra i eige idrettslag!

Leiarkurs for ungdom er eit kurs for deg mellom 15-19 år som har lyst til å bidra i eige idrettslag, treffe andre ungdom på tvers av idrettane, lære meir, ha det moro og sosialt, og bygge nettverk.

Kurset gir deg auka kunnskap om det å vere frivillig i idretten og ikkje minst motivere til at du vil, kan og tør ta ansvar i eige idrettslag. I løpet av kurset vil du lære mykje om deg sjølv, korleis idretten er organisert og korleis du kan påverke din idrettskvardag.

Som deltakar skal du også sette deg smarte mål og utarbeide ein handlingsplan med tiltak, som du skal gjennomføre når du kjem tilbake til idrettslag etter kurshelga.

Kurset er todelt. Den første delen går over ei helg, og er prega av aktivitet, involvering og tema som:

  • Sjølvbilete, sjølvtillit og sjølvkjensle
  • Rollemodell
  • Medlemmet i sentrum
  • Du som ressurs
  • Frå mål til handling
  • Kommunikasjon
  • Presentasjonsteknikk

Den andre delen er ei oppfølgingssamling ein laurdag ca. eit halvt år etter kurshelga. Her går ein igjennom status på handlingsplanen og erfaringsutveksling, og fagleg påfyll i styrearbeid og møteleiing.

Kurset har ein eigenandel på kr. 1 000,- per deltakar (dette dekker overnatting, kursmateriell og mat). Kursavgift og reise t/r til kurset dekkast av idrettslaget.

Å utdanne ungdom til å vere frivillige gjennom verv er ei god investering for idrettslaget!