Sogn og Fjordane idrettskrins tilbyr ei rekkje kurs til idrettslaga i fylket. Dette er kurs som er tilpassa tillitsvalte og leiarar, og enkelte kurs som er tilpassa trenarar.
Nokon av kursa blir sett opp med jamne mellomrom, regionvis. Følg med i vår kalendar. Idrettslaga kan også bestille kurs og møter etter behov/ønskje. Dei fleste kursa vi tilbyr er gratis.
For førespurnad og bestilling:
E-post sognogfjordane@idrettsforbundet.no
Tlf. 57 76 12 10
Idrettsfagleg konsulent Bodil Ryste
Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no
Tlf. 97 51 83 49
Idretten si løysing for medlemsadministrasjon og samordna rapportering.
- Eit verktøy for heile klubben
- Tilgang til alle nivå i klubben
- Full oversikt over medlemar
- Innkrevjing av kontingentar og avgifter
- E-post/sms til medlem og føresette
- Samordna rapportering (idrettsregistreringa og søknad om momskompensasjon)
Kurset er kostnadsfritt for idrettslaget.
Vi held infomøte/kurs i regionar eller internt i eige idrettslag.
Kurset gir deltakarane grunnleggande forståing for kva som er styret sitt ansvar og arbeidsområde, og kva det vil sei å vere tillitsvalt i eit idrettslag.
Du blir kjent med dei viktigaste lovene og reglane som idrettslaget må halde seg til, og du får tips om gode verktøy for styrearbeidet. Dette kurset tilrår vi at alle idrettslag gjennomfører etter halde årsmøte, slik at nye og gamle tillitsvalte i styret får eit felles utgangspunkt.
Kurset er delt inn i tre hovudtema:
Målgruppe: Hovudstyret, gruppestyra, administrasjon (dagleg leiar), sportslege leiarar/sportsleg utval, valkomitéen, andre tillitsvalte
Uansett om du er ny eller har mange år bak deg kan eit styrekurs vere med å gjere kvardagen enklare i idrettslaget.
Vi kjem ein kveld til idrettslaget og held kurset, og det er kostnadsfritt for idrettslaget.
Kurset er grunnleggande i all økonomiforvalting med innføring og gjennomgang på viktige tema.
Kursinnhald:
- økonomistyring
- lover og reglar
- rekneskaps- og revisjonsreglar
- informasjon om andre aktuelle temaområde/ordningar på økonomisida, t.d. momskompensasjon
Målgruppe: Leiarar, økonomiansvarlege og kasserarar i idrettslag/særgrupper.
Kurset er kostnadsfritt for idrettslaget.
Idrettskrinsen ønskjer at det skal vere enkelt å vere tillitsvalt! Klubbutvikling er alle verkemiddel som nyttast for å utvikle idrettslaget frå ein no-situasjon mot ein enno betre framtidig situasjon.
Medlemane i idrettslaget får vere med på å definere kva som er laget sin situasjon og behov, og det er idrettslaget sjølv som bestemmer kva som skal utviklast og omfanget på det som skal gjerast. Gode system fører til mindre tid på administrasjon og meir tid til AKTIVITET!
Vi kan legge til rette for:
Klubbesøk: Vi ønskjer å komme ut til idrettslaget, gjerne i samband med eit styremøte, for å bli kjent og diskutere kva vi kan bidra med for å styrke idrettslaget sin organisasjon. Ein får kartlagt idrettslaget sine viktigaste behov og utfordringar, og får meir kjennskap til idrettskrinsen og kva vi kan bidra med.
Startmøte: Startmøte er eit enkelt og effektivt møte idrettslaget kan gjennomføre for å bevisstgjere, sette i gong tiltak og sikre framdrift i sitt arbeid. Startmøtet tek frå to til fire timar og resulterer i konkrete planar for det vidare arbeidet i idrettslaget. Vi stiller med klubbrettleiar som leiar møte.
Utviklingsprosess: Ingen lykkast utan ein plan! Er idrettslaget einig om eit felles verdigrunnlag, ein visjon og verksemdsidé? 3 viktige V'ar som dannar fundamentet for idrettslaget, og som er avgjerande for å kunne diskutere mål og tiltak. Erfaringane viser at idrettslag som har etablert eit godt fundament lykkast i større grad med å nå måla sine. Ved å aktivt bruke dette i omdømmearbeidet veit både medlemar, tillitsvalte, trenarar, nærmiljø og andre kva idrettslaget står for. Ein utviklingsprosess fører til gode diskusjonar og skapar engasjement. Sett av 3 - 4 kveldar. Vi stiller med klubbrettleiar som leiar prosessen.
Møta er kostnadsfrie for idrettslaget.
Kurset gir grunnleggande kunnskap om korleis idrettsaktivitet for barn opp til 12 år skal bli lagt til rette og leia, slik at barna opplever glede, tryggleik og mestring. Dette kurset er generelt og går på tvers av alle særidrettar.
Målgruppe: Alle som ønskjer å trene barn i alderen 5–12 år, eller aktivitetsleiarar i skulefritidsordningar, skular og barnehagar. Kursdeltakar bør ha fylt 15 år det året dei tek kurset (kontakt idrettskrinsen om nokon som er yngre enn dette ønskjer delta).
Aktivitetsleiar får ved fullført kurs kunnskap om:
Kurset er på 16 timar og består av følgjende modular:
Arrangert over fredag kveld og laurdag.
Ingen krav til førekunnskapar.
Info om e-læring (gjennomførast i forkant av kurset).
Kursavgift er kr. 600,- per deltakar (kr. 300,- for ungdom under 19 år) + kr. 250,- for materiell (har idrettslaget fleire enn fire deltakarar blir det halv kursavgift for desse).
Kursavgifta vil bli fakturert i etter kant av kurset.
Vi set opp kurs med jamne mellomrom regionvis. Følg med i vår kalendar. Vi kan òg halde kurs lokalt på førespurnad.
Modulkurs (4 timar) i tilrettelegging av idrett for menneske med funksjonsnedsetting/spesielle behov.
Kurset skal gi deltakarane kunnskap om og innsikt i korleis ein kan legge til rette idrett for menneske med funksjonsnedsetting (utviklingshemming, synshemming, høyrselshemming og rørslehemming).
Kurset inneheld teori og praksis.
Ønskjer de vite meir ta kontakt med:
Cecilie Eriksen, cecilie.eriksen@idrettsforbundet.no tlf. 45 37 14 41
Vi utdannar unge idrettsleiarar som VIL, KAN og TØR bidra i eige idrettslag!
Leiarkurs for ungdom er eit kurs for deg mellom 15-19 år som har lyst til å bidra i eige idrettslag, treffe andre ungdom på tvers av idrettane, lære meir, ha det moro og sosialt, og bygge nettverk.
Kurset gir deg auka kunnskap om det å vere frivillig i idretten og ikkje minst motivere til at du vil, kan og tør ta ansvar i eige idrettslag. I løpet av kurset vil du lære mykje om deg sjølv, korleis idretten er organisert og korleis du kan påverke din idrettskvardag.
Som deltakar skal du også sette deg smarte mål og utarbeide ein handlingsplan med tiltak, som du skal gjennomføre når du kjem tilbake til idrettslag etter kurshelga.
Kurset er todelt. Den første delen går over ei helg, og er prega av aktivitet, involvering og tema som:
Den andre delen er ei oppfølgingssamling ein laurdag ca. eit halvt år etter kurshelga. Her går ein igjennom status på handlingsplanen og erfaringsutveksling, og fagleg påfyll i styrearbeid og møteleiing.
Kurset har ein eigenandel på kr. 1 000,- per deltakar (dette dekker overnatting, kursmateriell og mat). Kursavgift og reise t/r til kurset dekkast av idrettslaget.
Å utdanne ungdom til å vere frivillige gjennom verv er ei god investering for idrettslaget!
Ein temakveld i idrettslaget vil m.a. eigne seg godt for å involvere foreldre/føresette og skape motivasjon for å engasjere seg i barneidrettsarbeidet.
Temakveld i idrettslaget:
- Kva er god barneidrett?
- Kva er viktig for barn i idretten?
- Korleis vil ein ha barneidretten i laget?
Møtet er kostnadsfritt for idrettslaget.
Ønskjer idrettslaget å ta opp, diskutere og gjere noko med ungdomsidretten? Ta opp utfordringane ved å gjennomføre «Temakveld - Ungdomsidrett».
Målet med temakvelden er å gjere idrettslaget meir bevisst tilbodet dei har for ungdom i alderen 13-19 år, samt å diskutere moglege tiltak og handlingar idrettslaget kan sette i verk.
Power Point mal for gjennomføring. Vi kjem gjerne til idrettslaget og legg til rette for gjennomføring.
Tidsbruk: 1 - 1,5 time
For kven? Hovudstyret i idrettslaget, evt. ilag med undergruppene. (Deretter kan ungdomsidrettskvelden gjennomførast med ungdom, trenarar, foreldre eller eventuelle undergrupper i idrettslaget.)
Møtet er kostnadsfritt for idrettslaget.