Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Klubbutvikling

klubbutvikling2.PNG

Idrettskrinsen ønskjer at det skal vere enkelt å vere tillitsvalt! Klubbutvikling er alle verkemiddel som nyttast for å utvikle idrettslaget frå ein no-situasjon mot ein enno betre framtidig situasjon.

Medlemane i idrettslaget får vere med på å definere kva som er laget sin situasjon og behov, og det er idrettslaget sjølv som bestemmer kva som skal utviklast og omfanget på det som skal gjerast.
Gode system fører til mindre tid på administrasjon og meir tid til AKTIVITET!

Vi kan legge til rette for:

Klubbesøk:
Vi ønskjer å komme ut til idrettslaget, gjerne i samband med eit styremøte, for å bli kjent og diskutere kva vi kan bidra med for å styrke idrettslaget sin organisasjon. Ein får kartlagt idrettslaget sine viktigaste behov og utfordringar, og får meir kjennskap til idrettskrinsen og kva vi kan bidra med. 

Startmøte:
Startmøte er eit enkelt og effektivt møte idrettslaget kan gjennomføre for å bevisstgjere, sette i gong tiltak og sikre framdrift i sitt arbeid. Startmøtet tek frå to til fire timar og resulterer i konkrete planar for det vidare arbeidet i idrettslaget. Vi stiller med klubbrettleiar som leiar møte. 

Utviklingsprosess:
Ingen lykkast utan ein plan!
Er idrettslaget einig om eit felles verdigrunnlag, ein visjon og verksemdsidé? 3 viktige V'ar som dannar fundamentet for idrettslaget, og som er avgjerande for å kunne diskutere mål og tiltak.
Erfaringane viser at idrettslag som har etablert eit godt fundament lykkast i større grad med å nå måla sine. Ved å aktivt bruke dette i omdømmearbeidet veit både medlemar, tillitsvalte, trenarar, nærmiljø og andre kva idrettslaget står for.
Ein utviklingsprosess fører til gode diskusjonar og skapar engasjement. Sett av 3 - 4 kveldar. Vi stiller med klubbrettleiar som leiar prosessen.

Møta er kostnadsfrie for idrettslaget.

Ønskjer de å vite meir ta kontakt med:
Bodil Ryste, tlf. 97518349, epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no