Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Aktivitetsleiarkurs barneidrett

idrettslek11.jpg

Kurset gir grunnleggande kunnskap om korleis idrettsaktivitet for barn opp til 12 år skal bli lagt til rette og leia, slik at barna opplever glede, tryggleik og mestring. Dette kurset er generelt og går på tvers av alle særidrettar.

Målgruppe:
Alle som ønskjer å trene barn i alderen 5–12 år, eller aktivitetsleiarar i skulefritidsordningar, skular og barnehagar. Kursdeltakar må fylle 15 år det året dei tek kurset. 

Aktivitetsleiar får ved fullført kurs kunnskap om:

  • Idretten sitt verdigrunnlag
  • Idrettens barnerettigheiter og Bestemmelsar om barneidrett
  • Barn si utvikling og aldersrelatert trening
  • Organisering av hensiktsmessig aktivitet
  • Eiga trenarrolle

Kurset er på totalt 14 timar og består av følgjande modular: 

  1. Idretten sitt verdigrunnlag 3 timar (2 timar e-læring og 1 time teori med kurslærar)
  2. Barn si læring og utvikling 4 timar ( 1 time teori og 3 timar med praksis i sal med kurslærar)
  3. Aktivitetsleiarrolla 3 timar (gruppearbeid med dialogduk)
  4. Planlegging, gjennomføring og evaluering av økt (4 timar praksis med kurslærar)

Obligatorisk e-læring i forkant av kurset: Du må ha ein brukar på Min Idrett, og kurset finn du her: https://ekurs.nif.no (Barneidrettens verdigrunnlag under Trenarløypa). 

Gjennomføring og pris:

Arrangert over fredag kveld og laurdag eller laurdag og søndag.
Ingen krav til førekunnskapar.

Kursavgift er kr. 650 per deltakar (inkludert boka Barneidrettstrenaren) 

Kursavgifta vil bli fakturert i etterkant av kurset.

Vi set opp kurs med jamne mellomrom regionvis. Følg med i vår kalendar. Vi held også kurset lokalt i idrettslaget. Ta kontakt. 

Ønskjer de å vite meir ta kontakt med:  
Bodil Ryste, tlf. 97518349, epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no