Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

 

Aktivitetsleiarkurs barneidrett - Sandane

Sted: Sandane
Start: 26.10.2019 13:00 Slutt: 27.10.2019 17:00

I samband med Idrettens Møteplass tilbyr vi aktivitetsleiarkurs barneidrett laurdag 26.okt og søndag 27.okt.

Laurdag 26.10.19 kl. 13 - 18
Søndag 27.10.19 kl. 10 - 17
Firdahallen, Sandane (Trivselshagen)
Kurslærar: Stine Marie Jonstad
Kursavgift: kr. 650 per deltakar (vert fakturert i etterkant)

Påmelding via Idrettens Møteplass på dette skjema (kjem snart). 

Kurset gir grunnleggande kunnskap om korleis idrettsaktivitet for barn opp til 12 år skal bli lagt til rette og leia, slik at barna opplev glede, tryggleik og meistring. 

Målgruppe: Alle som ønskjer å trene barn i alderen 5-12 år eller aktivitetsleiarar i sfo/barnehage. Kursdeltakar må vere fylt 14 år (eller fylle 14 år dette kalenderåret). 

Kurset er på totalt 14 timar og består av følgjande modular: 

  1. Idretten sitt verdigrunnlag 3 timar (2 timar e-læring og 1 time teori med kurslærar)
  2. Barn si læring og utvikling 4 timar ( 1 time teori og 3 timar med praksis i sal med kurslærar)
  3. Aktivitetsleiarrolla 3 timar (gruppearbeid med dialogduk)
  4. Planlegging, gjennomføring og evaluering av økt (4 timar praksis med kurslærar)

Aktivitetsleiar får ved fullført kurs kunnskap om: 

  • Idretten sitt verdigrunnlag
  • Idrettens barnerettigheiter og Bestemmelsar om barneidrett
  • Barn si utvikling og aldersrelatert trening
  • Organisering av hensiktsmessig aktivitet
  • Eiga trenarrolle

Obligatorisk e-læring i forkant av kurset: Du må ha ein brukar på Min Idrett, og kurset finn du her: https://ekurs.nif.no (Barneidrettens verdigrunnlag under Trenarløypa). 

Kontaktperson: Bodil Ryste, Sogn og Fjordane Idrettskrins. Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no