Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kva er eit idrettsråd?

Idrettsråda består av alle idrettslaga i kommunen som er medlemar av NIF. Alle kommunar med fleire enn tre idrettslag skal ifølge NIF sitt lovverk ha eit idrettsråd.

Idrettsrådet er eit fellesorgan for idretten i den enkelte kommune, organisert i NIF gjennom idrettskretsane og underlagt NIF sine lover og vedtekter.

Idrettslag med medlemskap i NIF blir automatisk medlem i idrettsrådet i sin kommune. 

Det er idrettsråd i nesten alle kommunar (ca. 370 av 430).

Der det ikkje er idrettsråd har anten idrettskretsen eller eit stort idrettslag - gjerne fleiridrettslag – ansvaret for kontakt og samarbeid med kommunane. Idrettskretsane har service- og støtteoppgåver ovanfor idrettsråda og skal sørgje for at det opprettast idrettsråd i alle kommunar. Idrettskretsane godkjenner også idrettsråda sin lovnorm.

Arbeidsområder:

Idrettsrådet skal arbeide for best mulege forhold for idretten i kommunen. Idrettsrådet skal vere ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og dei kommunale myndigheiter og mellom laga og idrettskretsen.

Blant idrettsrådet sine oppgåver er å formidle idrettslaga sine anleggsbehov til kommunale myndigheiter, og å fordele tilskota til "Lokale aktivitetsmidlar" (LAM).

Idrettsråd