Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Potensielle toppidrettsutøvarar ved VGS

Informasjon om tilbod for potensielle toppidrettsutøvarar ved vidaregåande skular i Sogn og Fjordane

For utøvarar som satsar på sin idrett, og er i eller skal søke vidaregåande opplæring i fylket, har fylkeskommunen følgjande tilbod:

  • Spissa idrettstilbod (fotball Sogndal vgs, volleyball Hafstad vgs)
  • Ordning for potensielle toppidrettsutøvarar (utanom fotball og volleyball
    • Her bør utøvar/klubb/særidrett opprette dialog med aktuell vgs. om korleis det best mogleg kan leggast til rette for utøvaren i kombinasjon med vidaregåande opplæring.

Les all nødvendig informasjon om desse to ordningane i søkjarhandboka under pkt 2.9 om Ordningar for potensielle toppidrettsutøvarar)

Ein kan òg sjå informasjon om ordningane på vilbli.no på denne linken  

Slik søkjer ein på ordninga:

1. Søknadsskjema for ordninga
Utskrift av web-søknad, søknadsskjema for potensielle toppidrettsutøvarar og andre vedlegg (sjå søkn.handboka eller vilbli.no for informasjon om skriftleg dokumentasjon) sender du i eitt eksemplar til Sogn og Fjordane Idrettskrins innan søknadsfristen. Dersom dette ikkje vert gjort vert ein ikkje vurdert som søkjar til ordninga. 

Søknadsskjema

Skjema med vedlegg skal sendast til:
Sogn og Fjordane idrettskrins, Postboks 221, 6802 Førde eller til sognogfjordane@idrettsforbundet.no 

2. Søknad på Vigo.
Når ein søkjer vidaregåande opplæring på www.vigo.no, vel ein på sida «Tilleggsopplysningar» og under «Idrettsordningar for potensielle idrettsutøvarar» ein av alternativa:

- Fotball, volleyball (spissa idrettstilbod)
- Utanom fotball og volleyball (ordning for potensielle idrettsutøvarar)

Hugs å søke på både punkt 1 og 2 innan 1. mars 2019.

Årleg søknad: Om ein kom inn på ordninga eitt år, og ynskjer å halde fram, må ein søkje på nytt for kvart årssteg. 

I tillegg er det landsline i studiespesialisering med skiskyting ved Stryn vidaregåande skule. Du må sende søknadskjema til skulen, i tillegg til vigo-søknaden. I søkjarhandboka pkt. 1.9 kan ein lese om og finne søknadsskjema til landsline for skiskyting ved Stryn vgs.

Spørsmål om 4-årige utdanningsløp for kombinasjon med toppidrettssatsing:
Sjå orientering frå Sogn og Fjordane fylkeskommune her under "Utvida tid i skule".

Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med: 
Bodil Ryste, Sogn og Fjordane Idrettskrins. Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no, tlf. 97518349