Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Politiattest - gode rutinar

Idretten skal vere ein trygg og god stad å vere for alle! Gode rutinar for politiattest er viktig.

POLITIATTEST I IDRETTSLAG
Norsk idrett skal vere ein trygg stad å vere for alle. Idrettsstyret har difor vedteke at alle idrettslag pliktar å hente inn politiattest for personar som har verv som inneber nær kontakt med og/eller eit tillitsforhold til mindreårige og personar med utviklingshemming.

Idretten krev framvising av politiattest utan merknader – ein rein attest – frå alle personar (over 15 år) med slike oppgåver i idretten. Det er fordi vi ønskjer eit trygt og godt miljø for alle våre medlemar.

Hovudstyret i idrettslaget har ansvaret for politiattestar og skal utnemne ein person som er ansvarleg for innhenting og oppfølging. Vedkommande skal ha ein personleg vara.

Her finn ein meir info om ordninga:
www.idrettsforbundet.no/klubbguiden/politiattest

Nyttig verktøy for idrettslaget:

Ved generelle spørsmål om ordninga kontakt idrettskrinsen:
sognogfjordane@idrettsforbundet.no
Telefon: 57 76 12 10

Ved spørsmål knytt til spesifikke saker kontakt:
Per Tøien, Norges idrettsforbund
Telefon: 21 02 90 00