Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Organisasjon - mal på gode planverk

Korleis er idrettslaget ditt organisert? Ein oppdatert organisasjonsplan for idrettslaget gjer det lettare for medlemane å forstå korleis idrettslaget fungerer og kven ein forheld seg til. Utarbeiding av klubbhandbok vil kunne bidra til kontinuitet i det som vert bestemt og gjort i idrettslaget.

Organisasjonsplan
Ein organisasjonsplan for idrettslaget bør innehalde eit organisasjonskart og ei beskriving av ansvaret og dei viktigaste oppgåvene som gjeld for ulike funksjonar i idrettslaget.
Organisasjonsplanen til idrettslaget skal vedtakast på årsmøtet.

Organisasjonsplan idrettslag (mal)


Klubbhandbok
Ei klubbhandbok skal svare på dei viktigaste spørsmåla om idrettslaget og gjere det enkelt å finne ut kva som gjeld internt. Klubbhandboka vil med det bidra til kontinuitet i det som blir bestemt og gjort i idrettslaget.
Klubbhandboka bør vedtakst og oppdaterast av styret slik at det kan gjerast endringar i den når det er behov.

Klubbhandbok (mal)


Økonomihandbok
Ei økonomihandbok skal vere eit hjelpemiddel for idrettslaget for å sikre god
økonomistyring, og tilpassast slik at den gir eit rett bilde av dei rutinane som idrettslaget har på plass.
Økonomihandboka bør vedtakst og oppdaterast av styret slik at det kan gjerast endringar i den når det er behov.

Økonomihandbok idrettslag (mal)
(her finn ein mal på fullmaktsmatrise)


Vedlagte malar viser korleis det kan sjå ut. Her tilpassar idrettslaget sjølv.