Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Idrettens Møteplass

20171111_150035_001_resized.jpg
Foto: Idrettskrinsen. Treningssamling 2017.

Sogn og Fjordane idrettskrins inviterer for tredje år på rad idrettslag, idrettsråd, trenarar, tillitsvalde og andre idrettsinteresserte til Idrettens Møteplass. Vi inviterer òg ungdom i alderen 12-19 år til treningssamling på tvers av idrettar, med fokus på basistrening.

Idrettens Møteplass vert arrangert i Trivselshagen og på Firda vgs på Sandane.

Program:

Fredag 25. oktober: Kl. 17.30 - 20.30 Kurs for idrettslag: Styrearbeid i praksis. Trivselshagen. 

Laurdag 26. oktober:

Kl. 9.30 Registrering, kaffi/te. Kantineområdet, Trivselshagen. 

Kl. 10.00 Start treningssamling på tvers av idrettar. Firdahallen

Kl. 10.00 Opning v/ styreleiar i Idrettskrinsen, Nils R. Sandal. Kultursalen. 

Kl. 10.15 "Kvardagsmeistring i eit prestasjonsmiljø". Psykolog og tidlegare langrennsløpar Ingvild Pettersen frå Sunn Idrett snakkar om motivasjon, fellesskap og balanse i kvardagen, i tillegg til korleis ein kan meistre stress og forventningar. Ope for alle. Kultursalen. 

Kl. 12 - 13 Felles lunsj. Kantina Trivselshagen.

Kl. 13.00 Idrettsrådssamling i regi av Idrettskrinsen. Firda vgs. 

Kl. 13.00 Kurs Klubbadmin v/Idrettskrinsen. Firda vgs. 

Kl. 13.00 Haustmøte Sogn og Fjordane Skikrins. Felles først, deretter greinvis (Firda vgs)

Kl. 13.00 Ope lagleiarmøte Sogn og Fjordane Orienteringskrins. Firda vgs. 

Kl. 13.00 Haustmøte Sogn og Fjordane Friidrettskrins. Firda vgs. 

Kl. 13.00 - 18.00 laurdag og søndag 27.10 kl. 10.00 - 17.00: Aktivitetsleiarkurs barneidrett (deltakaravgift kr. 650 på dette kurset)

PÅMELDING TIL FOREDRAG, KURS OG MØTER GJER DU HER

PÅMELDING TRENINGSSAMLING GJER DU HER

Kontaktperson: 
Bodil Ryste, Sogn og Fjordane Idrettskrins. 
Tlf: 97518349. Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no