Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Idretten sine IT-system

Idrettens_løsninger.jpg

Norges idrettsforbund har utarbeida tre IT-system som skal vere med å lette kvardagen for idrettslaget. Her kan ein sjå kva dei brukast til og korleis dei heng saman.

Min idrett, SportsAdmin og KlubbAdmin er alle knytt opp mot same database, noko som vil sei at dei "snakkar" saman. I praksis vil dette bety at når du er inne i din personlege profil (Min idrett) og gjer ei endring, så blir dette lasta opp i databasen og dei to andre systema får beskjed om det.

Kort info om dei ulike systema:

Min idrett
Min idrett er di personlege side inn mot idretten sine medlemsregister og idrettssystem. Her får du oversikt og kan endre eigne opplysningar, melde på til kurs og arrangement, og betale lisens, påmeldingar og betalingskrav frå ditt idrettslag.

KlubbAdmin
KlubbAdmin er idretten si løysing for medlemsadministrasjon og samordna rapportering. Medlemsadministrasjon forenklar idrettslaget si handtering av medlemar, der ein enkelt kan kommunikasjon med medlemsmassen via e-post og SMS. Det kan òg brukast til fakturering og alltid ha oversikt over kven som har betalt kva. Samordna rapportering er idrettsregistrering og søknad om momskompensasjon.

SportsAdmin
SportsAdmin er eit administrativt system utarbeida av og for norsk idrett. Dette systemet er laga for å støtte alle organisatoriske og administrative nivå i norsk idrett. Her kjem du berre inn dersom du har fått tildelt ei rolle for å administrere eit idrettslag, idrettsråd, krins eller forbund.

I alle desse systema loggar du inn med DIN profil (brukarnamnet og passordet du opprettar i Min idrett).