Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Barneidrettsansvarleg i idrettslaget

barneidrettsbestemmelsene_2.jpg

Alle idrettslag som organiserer aktivitet for barn til og med fylte 12 år (sjå § 18-2f i lovnorm for idrettslag) skal oppnemne ein ansvarleg for barneidrett.

Kva betyr det å vere barneidrettsansvarleg i idrettslaget?

  • Sette seg godt inn i Idrettens barnerettigheiter og Bestemmelsar for barneidrett
  • Sikre at idrettslaget har gode rutinar for å spreie informasjon om bestemmelsar og rettigheiter til trenarar, frivillige og foreldre/føresette.
  • Sikre forankring av rettigheiter og bestemmelsar i idrettslaget sitt styre og undergrupper, slik at barneidrettsperspektivet blir teke i vare i idrettslaget sine aktivitetar og arrangement, og kunne grunngje kvifor dette er viktig.
  • Sørge for at idrettslaget gjennomfører foreldremøte etter oppstart av aktivitet, blir kjent med foreldra og sikrar at det blir gitt nødvendig informasjonen om kva det inneber å vere medlem i idrettslaget.
  • I fleiridrettslag: Sørge for at idrettar og grupper samarbeider, koordinerer og vidareutviklar eit mangfaldig aktivitetstilbod for barna i idrettslaget – ref. utviklingsplanen.
  • I særidrettslag: Sikre god variasjon i barneidrettsaktiviteten, slik at det stimulerer heilskapleg utvikling – ref. utviklingsplanen.
  • Arbeide for at idrettslaget sine kostnader blir halde på eit rimeleg nivå for å sikre brei deltaking, også frå grupper med dårleg råd.
  • Bidra til at alle barn blir inkludert i idretten, uavhengig av bakgrunn.


Informasjon som er nyttig for barneidrettsansvarleg:


Kompetanse som kan vere nyttig for barneidrettsansvarleg:

  • Gjennomføre e-læringsmodulen «Barneidrettens verdigrunnlag» som ein finn på https://kurs.idrett.no/ under Trenarløypa – Nivå 1.
  • Delta på aktivitetsleiarkurs for barn i regi av idrettskrinsen
  • Få info om og evt. delta på ulike tiltak om barneidrett til idrettskrinsen www.idrettskrinsen.no
  • Idrettskrinsen kan halde temakveld om barneidrett i idrettslaget