Vestland idrettskrets si målsetjing:
Målet med jenter i fokus er å særskilt gi jenter moglegheit til å delta i lågterskel idrettsaktivitetar i ulike former og bidra til at fleire minoritetsjenter deltar i idrettsaktivitetar. Vi ønsker å få fleire jenter inn i organisert idrett, og hindre fråfallet. Ved å ha prosjektet med lågterskeltilbod i fokus håper vi å nå bredt og få fleire jenter til å teste ut idrettsaktivitetar og/eller bli interessert i å bidra i idretten.
Målgruppe:
Hovudmålgruppa er jenter i alderen 10-25 år med minoritetsbakgrunn. Sekundært er det i enkelte aktivitetar opent for alle jenter generelt.
NB: Nokre aktivitetar kan vere avskilt, andre opne for alle, så det vil seie at målgruppa kan også vere alle barn og unge i det nærområdet aktivitetane avviklast, men med særskilt vekt på å få med målgruppa som nemnt over.
Kva kan idrettslaget søke på?
Aktivitetar som fremmer Jenter i fokus kan vere opplæring innan ein idrett (for eksempel. sykling, symjing, kampsport, etc) eller det kan være treningstiltak for jenter som inneheld fleire ulike idrettsaktivitetar. Det kan være i ordinære treningstider eller ekstra tiltak som er satt til helger eller ferieavvikling.
Eit idrettslag er ansvarleg og kan arrangere det aleine, saman med fleire idrettslag/klubbar, saman med kommune eller med andre frivillige organisasjonar, og eventuelt med hjelp frå idrettskretsen. Samarbeid blir sett på som eit suksesskriterium. Sjå oversikt kriterium under.
I søknaden må idrettslaget opplyse kva aktivitet eller tiltak dei skal ha, når, varighet, hyppighet og ein tydeleg plan for gjennomføring. Det kan vere ein eingongs gjennomføring eller fleire gjennomføringar gjennom året.
Idrettslaget kan difor søke på til dømes:
Instruktørhonorar, reise/transport, mat, leige av hall og ev. utstyr som er nødvendig for å gjennomføre tiltaket. Administrasjonsarbeid som planlegging, koordinering m.m. vil kome i tillegg.
Tilgjengeleg sum til fordeling: kr. 150 000 (totalt)
Kriterium:
- Idrettslaget må i søknadsskjemaet opplyse plan for gjennomføring og forklare kva midlane skal brukast til
- Idrettskretsen vil setje krav om at det skal vere gratis å delta.
- Vi vil særskilt prioritere idrettslag som involverer målgruppa, ungdom eller ungdomsutval i planlegging og gjennomføringa.
- Idrettslaget må vere villig til å dele av sine erfaringar (via Vestland idrettskrets som koordinerande ledd)
- Utstyr vurderast kun dersom det er nødvendig for gjennomføring av tiltaket det vert søkt om
- Idrettslaget må rapportere på bruken av tildelte midlar til Vestland idrettskrets innan 15.12.2022
Husk på:
- Tilrettelagte aktivitetar kan vere med å skape tryggheit til eit idrettsmiljø, det er da større sjans for at personar oppsøker eller gjenoppsøker dette idrettslaget.
- Få fleire jenter og kvinner med i idretten, her både som utøver og/eller bidragsytar i ulike former (trenar, dommar, ledar, etc).
- Være med å fremme spesielt jenter med minoritetsbakgrunn som gode rollemodellar i idretten.
Kontaktperson: Elise Barsnes, Vestland idrettskrets