Inkluderingsfond Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane lanserer i samarbeid med Vestland idrettskrets eit inkluderingsfond som skal hindre utanforskap og fråfall blant barn og unge i Sogn og Fjordane.

Inkluderingsfondet er midlar som idrettslag og andre ideelle foreningar kan søke på og bruke til å hjelpe eksisterande eller nye medlemmar som har behov for å bli inkludert eller er frå familiar med vanskelegstilt økonomi.  

Hovudmålet er at ingen barn eller unge skal vere hindra frå å delta på grunn av familien sin økonomi. 

Stiftinga løyver i første omgang 1 million kroner av overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane til føremålet. Idrettslaget søker Stiftinga om midlar frå fondet og søknadsfristen er løpande (ope for søknadar heile tida). 

Under kan du lese kva idrettslag som vil søke støtte hos Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane må gjere, og kva retningslinjer som bør ligge til grunn for ordninga i idrettslaget. Her kan du lese nyheitssaka om inkluderingsfondet. 

Inkluderingsmidlar i idrettslaget er avsette, øyremerka midlar som skal gå til å dekke utgifter til barn og unge opp til 18 år der familien ikkje sjølv kan betale for ulike nødvendige kostnadar med å delta i idrettslaget sin aktivitet    

  • Støtta skal vere personleg og ikkje gå til heile lag eller grupper i idrettslaget 
  • Støtta må vere basert på ein søknad/henvending til idrettslaget (sjå "søknad til idrettslaget")
  • Midlane kan gå til barn/unge som er medlem eller som ynskjer å bli det 

 

Styret i idrettslaget: 

  • Styret i idrettslaget må gjere eit vedtak om å opprette ei slik ordning i idrettslaget, med avsette øyremerka midlar til føremålet, retningslinjer og ansvarlege personar som følgjer opp ordninga
    • Styret kan vedta å opprette eit eige utval eller oppnemne personar/roller som skal ha ansvaret for ordninga 
    • Styret må vedta retningslinjer for bruken av midla 
    • Midlane bør stå på eigen bankkonto 
  • Etter tildeling av inkluderingsmidlar må idrettslaget føre anonymisert oversikt og rekneskap for bruken av midla (sjå døme lenger ned)
  • Ordninga skal reviderast saman med idrettslaget sin rekneskap
  • Idrettslaget må ha rutinar for å slette personleg informasjon 
  • Idrettslaget må rapportere på bruken av midla til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane når midla er brukt opp. Det vil då vere mogleg å søke om tilføring av nye midlar. 

Inkluderingsmidlar i idrettslaget kan gå til å dekke kostnadar som: 

  • Medlemskontingent (sjå spesifikk informasjon om medlemskontingent under) 
  • Treningsavgift  
  • Lisens 
  • Reise 
  • Ulike eigenandelar ved deltaking på konkurranse/arrangement (startkontingent, turneringsavgift og liknande) 
  • Nødvendig personleg utstyr  

Lista er ikkje uttømmande.

Spesielt om medlemskontingent: 

Dersom idrettslaget skal dekke medlemskontingenten til den einskilde, merk følgande:  

  • Det er eit krav frå Kulturdepartementet om personlege medlemsskap for alle medlemar i idrettslag i Norges idrettsforbund.  
  • Det betyr at idrettslaget skal registrere medlemane i eit godkjent medlemssystem og at kontingenten skal vere fakturert frå medlemssystemet  
  • Medlemskontingenten som vert fakturert må samsvare med det vedtaket årsmøtet i idrettslaget har gjort* 
  • Medlemskontingent og/eller treningsavgift kan fakturerast samla, men må i fakturaen kome fram som sjølvstendige krav
  • Faktura på medlemskontingent kan ikkje krediterast, men det er mogleg at idrettslaget betalar fakturaen for medlemen eller at idrettslaget refunderer kostnaden til medlemen.  

*Merk at minimumskravet for medlemskontingent er kr. 50,- per medlem (medlemskontingenten vert vedteken på idrettslaget sitt årsmøte).   

  •  

Døme ved dekking av andre kostnader: 

Treningsavgift: 

  • Utbetaling/refusjon frå idrettslaget til den enkelte
  • Beløpet kan overførast internt frå inkluderingsmidlane til den aktuelle gruppa/idrettsgreina (som inntektsfører beløpet i den einskilde gruppa)

Treningsutstyr, døme på løysingar:  

  • Rekvisisjon til sportsbutikk på at personen kan få hente ut utstyr. Sportsbutikk sender faktura til klubben 
  • Betale ut summen det er søkt om til den enkelte, som i etterkant må levere dokumentasjon på kva pengane har gått til (t.d. kvittering) 

Tildeling frå inkluderingsmidlane må vere basert på ein søknad/henvending. Søknad til idrettslaget må vere minst mogleg byråkratisk og det må vere låg terskel for å ta kontakt med dei ansvarlege personane/utvalet i idrettslaget. Her kan idrettslaget finne fleire ulike framgangsmåtar som høver for sin organisasjon: 

  • Opprette eit enkelt søknads-/kontaktskjema 
  • La det vere mogleg å ta kontakt på epost/sms/tlf til kontaktpersonar for ordninga. Legg kontaktinformasjon synleg. 
  • Ordninga bør vere tillitsbasert. Det skal ikkje vere naudsynt for den som tek kontakt å levere skriftleg dokumentasjon på kvifor ein treng støtte. Terskelen for å ta kontakt for å få hjelp til å dekke kostnadar er ofte høg.  
  • Det er dei oppnemnte personane/utvalet som handsamar søknadane. Oppnemnde personar/utval handsamar søknadane konfidensielt og er kjent med reglar for personvern.   
  • Ansvarlege for inkluderingsmidlane kan prioritere mellom søknadar/henvendingar dersom det blir naudsynt ut frå dei økonomiske rammene som føreligg. Ei slik prioritering treng ikkje grunngjevast 
  • Idrettslaget må føre oversikt på kva kostnadar som vert dekka av dei avsette midlane (sjå minimumskrav under)

Idrettslaget bør informere tydeleg på sine nettsider/informasjonskanalar om  retningslinjene for ordninga. Det vil seie kva midlane kan gå til, korleis ein søker og kven ein kan henvende seg til. Det er viktig å jobbe aktivt for at ordninga vert kjent blant både dagens medlemmar og dei som ynskjer å bli det. Det er også viktig at alle grupper i fleiridrettslaget som organiserer aktivitet for barn og unge er kjent med ordninga, samt lagleiarar, trenarar, økonomiansvarlege og andre ressurspersonar i og rundt idrettslaget. 

  • Bruk nettsider/sosiale medium til å informere om ordninga
  • Informer på årsmøte, gruppestyremøte, foreldremøte, samt andre aktuelle møteplassar og til aktuelle samarbeidpartar i lokalmiljøet
  • Vurder plakatar/oppheng på idrettslaget sine aktivitetsområde 
  • Gi ekstra tydeleg informasjon til nøkkelpersonar som kasserar/økonomiansvarleg, barneidrettsansvarleg, gruppeleiarar, lagleiarar, trenarar og andre nøkkelpersonar/roller i idrettslaget   
  • Send informasjon gjennom idrettslaget sitt medlemssystem
  • Ha informasjon om ordninga på faktura som idrettslaget sender ut

Internt i idrettslaget: 

  • Midlane bør stå på eigen bankkonto i idrettslaget sitt namn og vere ein del av idrettslaget sin rekneskap. Bankkontoen skal disponerast av to personar i fellesskap. 
  • Støtte til inkluderingsmidlar i idrettslag må førast mot ein balansekonto i rekneskapen
  • Bruk av midla førast ut av bank og mot balansekontoen
  • Ved intern overføring (døme med treningsavgift), inntektsførast beløpet i den einskilde gruppa og mot denne balansekontoen 

Døme på minimumsopplysningar i rekneskapen: 

Inntekt:  

 

Støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane 

Kr. 30 000,-  

 

 

Utbetaling: 

 

Person 1, støtte til: … treningsavgift 

Kr. 1000,-  

Person 2, støtte til … kostnad deltaking cup 

Kr. 300,-  

 

 

Rest:  

Kr. …. 

Det skal ikkje takast med personopplysningar i rekneskapen for inkluderingsmidlane.

Rapport til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane: 

  • Idrettslaget må fylgje Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sine kriterie for rapportering på tildelte midlar
  • Dersom tildelte midlar er brukt opp og dette er dokumentert gjennom rapport, kan idrettslaget søke om meir midlar til ordninga

Kontaktperson Vestland idrettskrets:

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag