Foto: Norges idrettsforbund
Foto: Norges idrettsforbund
24
okt
2020

Paraidrettssamling i Førde 24.10.20

Sted: Førde
Start: 24.10.2020 13:30
Slutt: 24.10.2020 15:30

Vestland idrettskrets og Olympiatoppen Vest inviterer til paraidrettssamling i Førdehuset.

Tid og stad:
24. oktober i Førdehuset, Angedalsvegen 5 i Førde (Sunnfjord kommune). Samlinga er ein del av Idrettens Møteplass, som du kan lese meir om på denne linken. 

Samlinga er for: 

  • Alle med fysisk funksjonsnedsetjing eller synsnedsetjing, som allereie driv med idrett eller som kan tenke seg å begynne
  • Alder 12 - 30 år
  • Føresette for barn med syns- eller fysisk funksjonsnedsetjing
  • Trenarar og idrettslag, som har eit tilbod for menneske med funksjonsnedsetjing, eller ønsker å starte eit tilbod og lære meir om paraidrett

Rammeprogram (merk at det kan kome endringar i tidsplan og innhald): 

Kl. 13.30: Velkommen. Erfaringsutveksling og informasjon frå idretten.

-Parautøvar Jan Roger Klakegg som har vore med i paralympics i paraishockey deler av sine erfaringar.  

-Førde IL symjing fortel om sitt nyoppstarta paratilbod

Kl. 14.30: Basistrening (ha på treningskle)

Kl. 15.20: Avslutning og vel heim

Her finn du invitasjonen til paraidrettssamlinga 

Påmelding:

Alle intesserte må melde seg på innan 19. oktober på denne linken. 

Kontaktperson:

Fagkonsulent paraidrett Thea Christiansen.
Epost: thea.christiansen@idrettsforbundet.no 
Tlf. 977 76 911