Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Om idrettskretsen

NIF_Logo_Vestland_IK_Farger.png

Om Vestland idrettskrets

 

Vestland idrettskrets er eit felles organ for alle idrettslag, idrettsråd og særidrettar i Vestland fylke som er tilslutta Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Vestland idrettskrets vart vedtatt etablert på det konstituerande idrettskretstinget i Myrkdalen 9.11.19, med verknad frå 1.1.20, etter at Sogn og Fjordane idrettskrins og Hordaland idrettskrets vedtok samanslåing på dei ekstraordinære idrettskrinstinga 9.11.19.

Idrettskretsen si hovudoppgåve er å skape best mulig rammevilkår for idrettslaga i Vestland. Herunder kjem idrettspolitisk arbeid i samarbeid med idrettsråda, forvaltning, lovpålagte oppgåver, utdannings- og utviklingsarbeid.

Visjonen "idrettsglede for alle" skal prege både organisasjonsarbeidet og aktivitetspolitikken. Vestland idrettskrets skal arbeide for at innbyggarane i fylket får høve til å utøve idrett ut frå sine ønskjer og behov, slik det framgår av NIF sin formålsparagraf. Arbeidet skal pregast av frivilligheit, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal bygge på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegheit.

Fakta

Vestland idrettskrets omfattar 53 særidrettar og 43 idrettsråd som organiserar 1130 idrettslag og 243 000 medlemskap.