Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Fagseminar og Idrettskrinsting 2018

Kjerstin Boge Solås.jpg
Kjerstin Boge Solås (foto Norges Håndballforbund).

Idrettskrinsen inviterer til fagseminar fredag 13. april i samband med Idrettskrinstinget 2018 i Sogndal.

 

Her møter du dei som, med sine historiske milepælar, har vist kva det betyr å ha eit sterkt utviklingsfokus og å sjå utfordringane som moglegheiter. 

PROGRAM FAGSEMINAR FREDAG 13. APRIL:

Kjerstin Boge Solås, handballspelar frå Dale (no Tertnes)

  • Eit av dei mest lovande handballtalenta i landet som gjekk frå 2. divisjonsspel til å dominere i eliteserien som 18-åring.
  • Ho vart historisk som den første handballspelaren frå fylket i ein internasjonal meisterskap. Det enda med EM-gull for Noreg i 2016.
  • Saman med hennar tidlegare trenar i Dale IL, Jonny Pedersen, delar dei sine tankar og erfaringar om kva som ligg bak denne utviklinga:
    «Det viktigaste for born og unge er å vere med på ulik fysisk aktivitet, bygge motorikk og unngå for tidleg spesialisering. Kjerstin er eit typisk produkt på at ho har vore med på mange idrettar.»

Marcus Haus, paraidrettsutøvar Eid Symjeklubb

Marianne Aakre Laugerud, fotballdommar Førde IL/NFF S og Fj.

Stad:
Sogndal, Quality Hotel Sogndal 

Tidspunkt:
Fredag 13. april 2018, kl. 18.00-20.00 

Påmelding:
Via questback innan 12. april 2018

Fri inngang.

Etter fagseminaret kan ein delta på middag på hotellet. Dette og ev. overnatting bestiller ein via påmeldinga.

IDRETTSKRINSTING LAURDAG 14. APRIL 2018:

Innkalling og tingpapir

Påmelding til Idrettskrinstinget 2018:
Via questback innan 14. mars 2018

Fullmaktsskjema til Idrettskrinstinget må fyllast ut, signerast og sendast seinast 14. mars 2018 til sognogfjordane@idrettsforbundet.no eller pr. post til Sogn og Fjordane idrettskrins, postboks 221, 6802 Førde.