Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Stemningsfull jubileumsfeiring

IMG_0018.jpg
Jenny Følling overrekkjer gåve til Idrettskrinsen. Foto: Knut Songve.

Sogn og Fjordane idrettskrins feira 100-års jubileet på Skei hotell laurdag 30. november 2019. Mange med langvarig engasjement og innsats for idretten hadde funne vegen til Skei denne kvelden. Her fyl eit lite biletedryss frå kvelden.

 

Styreleiar Nils R. Sandal opna kvelden med ei tale til heider for dei mange eldsjelene som har jobba for idretten i fylket (foto: Idrettskrinsen). 

Roy Aron Myklebust losa oss gjennom kvelden på ein meisterleg måte, med mange humoristiske innslag (foto: Idrettskrinsen). 

 

Idrettskrinsen mottok mange flotte gåver og helsingar frå gjestane, her ved fylkesordførar Jenny Følling, Hordaland idrettskrets v/ Knut Songve, og Eikefjord IL ved Per Øyvind Sørbø (foto: Knut Songve, Ola Bergheim og Idrettskrinsen)

Styret i Idrettskrinsen vart takka for innsatsen, det same gjaldt dagens administrasjon og tidlegare organiasjonssjef Anne Leversund. 

Ingar Breilid og Odd Bjarne Solheim mottok Norges Idrettsforbund sitt heidersteikn for meget fortenestefullt arbeid for norsk idrett. Ingar jobba i Norges Kajakkforbund i 1976-1978, og deretter i Idrettskrinsen fram til 2016. Ingar var utdanningsleiar i perioden 1978-2014. Odd Bjarne Solheim jobba i Idrettskrinsen frå 1974 - 2012, der han var organisasjonssjef frå 1978. Styreleiar Nils R. Sandal fekk det ærefulle oppdraget og dele ut heidersteikna (foto Idrettskrinsen og Ola Bergheim)

Torill Torsvik Ebne frå Aurland IL vart årets fylkesvinnar av Årets Eldsjel, og fekk delt ut prisen på jubileumsfesten. Foto: Ola Bergheim. 

I tillegg til to filmsekvensar var det laga til ei utstilling med historiske bilete, avisutklipp, utmerkingar m.m (foto: Idrettskrinsen). 

Idrettskrinsen ønskjer å takke alle som bidrog til å gjere jubileumsfeiringa til ein minnerik kveld.