Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Desse får støtte til tiltak innanfor barne- og ungdomsidrett og paraidrett

Logo SFIK.png

Sogn og Fjordane idrettskrins fekk 30 søknadar om tiltak innanfor barne-, ungdoms- og paraidrett. Idrettskrinsstyret har no vedteke kven som får støtte til tiltak.

 

Barne- og ungdomsidrett:

Det kom 21 søknadar om støtte til tiltak innanfor barne- og ungdomsidrett. Vilkår for tildeling var m.a at føremålet er å stimulere til lokale tiltak for barn og ungdom under 20 år, som har til hensikt og rekruttere nye aktive og fremje at fleire er aktive lenger ved å hindre fråfall. Det vart ikkje gjeve støtte til anlegg eller utstyr. Midlane kunne tildelast særkrinsar/regionar, idrettsråd, idrettslag og særidrettsgrupper i Sogn og Fjordane i idrettar og greiner som er tilslutta Norges Idrettsforbund (jf. utlysingsbrev datert 1.10.19). 

Følgande har fått støtte: 

IL Jotun symjing, Sogndal IL turn, Fjellhug Vereide IL ski og handball, Sogndal fotball, Breimsbygda IL, Flatraket IL turn, IL Syril handball, Kaupanger IL ski, Gloppen padleklubb, Florø SK Handball, Florø SK Fotball, Sogn og Fjordane Friidrettskrins, NFF Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Skikrins, Nord-Vestlandet Vektløftarregion, Sogn og Fjordane Ryttarkrins

 

Paraidrett:

Idrettskrinsen mottok 8 søknadar om tiltak innanfor paraidrett. Vilkår for tildeling var at tiltak skulle stimulere til nye tiltak på paraidrettsområdet og utvikling av eksisterande tiltak. Det vart ikkje gjeve støtte til utstyr eller anlegg. Midlane kunne tildelast særkrinsar/regionar, idrettsråd, idrettslag og særidrettsgrupper i Sogn og Fjordane i idrettar og greiner som er tilslutta Norges Idrettsforbund (jf. utlysingsbrev datert 1.10.19). 

Følgande har fått støtte: 

Norges Handballforbund Region Vest, NFF Sogn og Fjordane, Førde IL symjing, Eid Symjeklubb, Dale IL Handball (Hafs United), Florø SK Handball (Florø United), Hafslo IL 

Med bakgrunn i vedtak på det ekstraordinære idrettskrinstinget i Myrkdalen 9.11.19, vert det oppretta ei stifting der idrettslag, idrettsråd og særkrins/region også dei nærast føreståande åra kan søke om midlar til tiltak innanfor barne-, ungdoms- og paraidrett.