Dei to siste vekene har vi sett søkelyset på verdiarbeid med åtte korte og rett på sak innlegg om tema som rasisme, trygg på trening, inkludering, paraidrett, antidoping, kjønnsbalanse og ungt engasjement.
Vi vil gjerne takke sjåarane for følget og for gode spørsmål. Ei stor takk også til engasjerte bidragsytarar på dei ulike innlegga. Webinara ligg i opptak, så du kan trykke på linken til kvart webinar for å sjå dei:
Rasisme i idretten, slik kan du førebyggje og handtere diskriminering.
Bidrag frå seniorrådgjevar for verdiarbeid i Norges idrettsforbund Håvard Øvregård.
I norsk idrett skal det vere plass til alle, difor håpar vi at alle som ønskjer det finn ein idrett og eit tilbod som er tilpassa den enkelte sine føresetnader og ambisjonar. Men kva kan idrettslaga gjere for å få til dette?
kl 20.00-21.00 KVA BETYR DET EIGENTLEG Å VERE UTANFOR I IDRETTEN? Trykk på linken for å sjå opptaket.
Tirsdag 2. februar
kl 18.30-19.30 MIDLA SOM LOVAR DRAUMEKROPPEN! Webinaret blir liggande ope for å sjå i opptak i ei veke. Trykk på linken for å starte. Webinaret byrjar etter 5min 12 sek og varer til 53.20.
Det finnast treningsmiljø over heile landet der utsjånad er ei sterkare drivkraft enn god helse og velvære. For nokre fører jakta på ein perfekt og muskuløs kropp til usunne treningsregime og inntak av store mengder kosttilskot og bruk av ulovlege og helseskadelege dopingmidlar.
Maha Kamran frå Antidoping Norge vil trekke døme frå reelle samtalar ho har hatt med dei som vurderer å bruke dopingmidlar, både i og utanfor idretten. Les meir om Antidoping Norge her: https://www.antidoping.no/
kl 20.00-21.00 UBEVISST DOPING. NÅR BRYT EIN REGLANE? Webinaret blir liggande ope for å sjå i opptak i ei veke. Trykk på linken for å sjå opptaket. Webinaret byrjar etter 1t 35 min og sluttar etter 2t 33 min.
I innlegget sitt vil Siri Bynke frå Antidoping Norge setje fokus på kva for situasjonar og reglar utøvarar/trenarar/leiarar/støttepersonell treng å kjenne godt til slik at ein er på rett side av regelverket i idretten. Ho kjem blant anna inn på bruk av medisinar og kosttilskot. Webinaret gir klubben og trenaren eit godt utgangspunkt for å drøfte utfordringar og dopingrisiko i eigen klubb og eige lag. Les meir om Antidoping Norge her: https://www.antidoping.no/
Torsdag 4. februar
kl 18.30-19.30 KJØNNSBALANSE I NORSK IDRETT
Trykk på link for å sjå opptak.
Målet er 40% kvinner i leiande posisjonar i idretten innan 2023. Er det mogeleg? I følgje fleire saker i media i den siste tida har norsk idrett eit godt stykke å gå og mykje å jobbe med før vi er der. Elisabeth Faret, styremedlem i NIF blir med oss frå Stavanger og vil blant anna fortelje oss om NIF sitt arbeid med dette temaet.
kl 20.00-21.00 UNG MEDRÅDERETT OG UNGT ENGASJEMENT
Trykk på link for å sjå opptak.
Frå å vere eit nettverk av engasjerte ungdommar, har styret i Vestland idrettskrets no vedtatt å opprette eit ungdomsutval. Sara Stokken Rott er ungdomsutvalet sin første leiar og ho brenn for å skape gode idrettsopplevingar for ungdom. Ho meiner at for å få det til må det finnast eit lag og eit nivå for alle.
Er du ungdom og ønskjer du å ta ei meir aktiv rolle i klubben din, men er usikker på korleis du skal nå fram? Eller ønskjer klubben din å gjere eit aktivt grep når det gjeld ungdomsidrett? På dette webinaret vil de garantert både få tips og inspirasjon!