Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Informasjon om planlagte kurs

Kurslærersamling-Lederkurs forungdom 2019.jpg

Som følgje av den pågåande situasjonen ser idrettskretsen på moglegheita for å gjennomføre kurs digitalt.

 

Digitale kurs

Idrettskretsen følgjer situasjonen og kva tilrådingar myndigheitene har gjeldande arrangement. Som følgje av det har vi valt å utsetje fleire fysiske kurs i den næraste tida. Vi jobbar no med tekniske og metodiske løysingar for å kunne gjennomføre nokon av kursa digitalt gjennom Microsoft Teams-løysinga. Då vil deltakarane kunne følgje presentasjonen, stille spørsmål via chat eller mikrofon, og ha kontakt med kurshaldar(ane) utan å møte opp fysisk. Nokon kurs er lettare å gjennomføre på ein slik måte enn andre. Vi vil derfor også ha dialog med dei idrettsråda og idrettslaga vi samarbeider med om kursgjennomføring.

Kurs som vert sett opp digitalt vert merka med det i kalenderen og i kursnamn på Min Idrett. Det er vanleg påmelding via Min Idrett, og deltakarane vi få tilsendt ei lenke dei nyttar for å koble seg opp.

E-læring

Vi vil også minne om at det finnast ei rekkje e-læringskurs. Både særforbund og Idrettsforbundet har lagt ut kurs for styret, trenarar og utøvarar. Ein kan logge seg på ekurs.nif.no ved å bruke sin eigen idretts-ID.