Leiarkurs for ungdom 15-19 år

Er du mellom 15 og 19 år? Har du lyst å engasjere deg meir i idretten? Gjennom ei lærerik og intensiv helg saman med andre ungdommar har du i dette kurset moglegheita til å lære mykje om korleis du kan bli ein betre leiar. 

Målet for leiarkurs for ungdom er å førebu deltakaren på leiarverv i ulike delar av klubbarbeidet i norsk idrett. Deltakaren skal få kunnskap om kva det vil seie å vere ein frivillig ressurs i idretten, og ikkje minst bli motivert og inspirert til å ynskje og tørre å ta ansvar i eigen klubb. 

Merk: 

  • Kurset er retta mot leiing og er ikkje eit trenarkurs. Samtidig er det mange element trenarar kan ta med seg frå kurset, som til dømes kommunikasjon og presentasjonsteknikk. 
  • Sjølv om informasjonen her rettar seg mest mot idrettslag, er det ope for deltakarar frå til dømes særkrets/region eller idrettslag. 

Kort om kurset:

  • Del 1 Leiarkurs for ungdom blir gjennomført i løpet av ei helg (fredag kveld til søndag ettermiddag)
  • Del 2 er ei oppfølgingssamling som gjennomførast fysisk eller digitalt

Kurshaldarar: Kurset blir leia av kurshaldarar frå Vestland idrettskrets. 

Målgruppe 
Ungdom i alderen 15-19 år som har verv/oppgåver eller ynskjer å ta eit større ansvar i sitt idrettslag/organisasjonsledd. 

Organisering
Del 1 går over helg med oppstart fredag ettermiddag og avslutning søndag ettermiddag. Del 2 er ei digital dagssamling med varigheit på 4 timar. Mellom samlingane er det praksis i eige organisasjonsledd. Det krevjast 100 % oppmøte for å få kursbevis. Påmeldinga inkluderer både del 1 og del 2. 

Innhald del 1 (18 timar med kurslærar):

  • Bli kjent
  • Sjølvbilete, sjølvtillit og sjølvkjensle. 
  • Deg som rollemodell
  • Medlemmet i sentrum
  • Deg som ressurs
  • Frå mål til handling (lage handlingsplan)
  • Kommunikasjon
  • Presentasjonsteknikk

Gjennomføre handlingsplan
Alle deltakarane lagar ein handlingsplan på del 1. Planen skal gjennomførast før del 2, og bli presentert på del 2 (sjå innhald del 2). 

Døme på kva tidlegare deltakarar har gjennomført:  

  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar – idrettslege og/eller sosiale
  • Lage ungdomsgruppe i laget/klubben

Her kan ein sjå rammeplanen for kursets del 1

Innhald del 2 (4 timar, digitalt, med kurslærar):

  • Evaluering av handlingplan og gjennomført praksis
  • Erfaringsutveksling
  • Vidare engasjement og rolle i idrettslaget

Viktig informasjon
Det er lagt opp til at idrettslaget har ein person som fungerer som kontaktperson for deltakaren. Les meir under forventning til idrettslaget. 

Kostnad
Kursavgifta er kr. 1500,- per deltakar som inkluderer overnatting 2 netter i dobbelt- eller trippelrom, middag fredag, alle måltid laurdag, samt frukost og lunsj søndag. 

Idrettskretsen fakturerer deltakaren sitt idrettslag/organisasjonsledd for kursavgifta. Dersom deltakar ikkje møter på kurset og ikkje har gitt beskjed til arrangøren om dette før kursstart vert heile kursavgifta fakturert. 

 

Forventningar til deltakerne
Det vert forventa at deltakarane har eller ynskjer å ha ei rolle i idrettslaget/org.leddet. Deltakar må vere førebudd på at første kurshelg har tett program, og at det blir forventa at ein deltek aktivt i gruppearbeid og drøftingar gjennom kurshelga. 

Merk at kurset er rus- og alkoholfritt og brot på det medfører heimsending for eiga rekning. Ro seinast kl. 23.00. Det er ikkje lov til å invitere med andre venner eller kjente til kurslokalet. Merk at deltakarar under 18 år må levere samtykkeskjema frå føresette. 

Forventning til idrettslaget
Det vert forventa at idrettslaget/org.leddet følger opp deltakarane i praksis gjennom ein eller fleire kontaktpersonar og gir dei høve til å bidra i idrettslaget/org.leddet. Kontaktpersonen må vere tilknytta idrettslaget/org.leddet og deltakinga må vere avklart med kontaktperson og styret. 

Kva er ein ung leiar og kva kan ein ung ressursperson bidra med i idrettslaget?  
Ein ung leiar er ein ressursperson mellom 15 – 19 år. Det kan vere ei jente eller ein gut som er tilknytta idrettslaget/org.leddet som utøvar og/eller ung person som ønsker å bidra med andre oppgåver i idrettslaget. Det er derfor viktig at idrettslaget/org.leddet – med kontaktperson i spissen – opnar nokon dører og inviterer den/dei unge leiarane til å bidra med det dei har lært på kurset etter første kurshelg. Den/dei unge leiarane utarbeidar blant anna ein handlingsplan i løpet av første kurshelg, som skal gjennomførast i eige idrettslag. Handlingsplanen kan vere eit godt utgangspunkt for diskusjonar og møte mellom den/dei unge leiarane og kontaktpersonen (idrettslaget/org.leddet), i tillegg til spørsmåla nedanfor:  

  • Kan innspel frå den unge leiaren bidra til at idrettslaget/org.leddet utviklar seg?  
  • Kan den unge leiaren sjå ting frå ein litt anna ståstad?  
  • Kan den unge leiaren bli vald inn i styret? 
  • Kan den unge leiaren bidra med andre oppgåver?

Kva forventar vi av kontaktpersonen i idrettslaget/org.leddet? 
Kontaktpersonen sit i idrettslaget/org.leddet sitt styre og/eller ei av undergruppene sitt styre, og skal vere ein støttespelar, vegvisar, nettverkshjelpar og pådrivar for den unge leiaren. Kontaktpersonen si hovudoppgåve er å støtte og rettleie den unge leiaren i oppgåvene i idrettslaget. Kontaktpersonen forpliktar seg til å følge opp ein eller fleire unge leiarar i minimum den perioden kurset varer. Vi oppfordrar til å halde fram samarbeidet.  

Mange unge leiarar har eit brennande engasjement og ønsker å bidra i eige idrettslag/org.ledd, men nokon synest det er vanskeleg å kome i gang. Dei er usikre på kven dei skal kontakte, kven ein skal presentere planane sine for, og kvar ein kan finne råd og tips. Målet er derfor at kontaktperson og idrettslaget skal vere støttespelarar og til hjelp for den unge leiaren.  

Kontaktpersonen si rolle: 

  • Støttespelar: bidra til at den unge leiaren vert bevisst sine eigne ressursar, sitt talent og potensial gjennom å oppmuntre og støtte den unge leiaren i arbeidet med handlingsplanen. 
  • Vegvisar: Det inneber å gi råd, og dele av si erfaring frå arbeidet i idrettslaget, samt gå framfor som eit godt døme (mentor er også ein rollemodell).
  • Nettverkshjelpar og døropnar ved å gi tilgang til sitt eige nettverk (t.d. idrettslaget), men også gjennom å bevisstgjere den unge leiaren i høve bruk av internt og eksternt nettverk. 
  • Pådrivar: gjennom å gi tilbakemeldingar og å vere ein sparringpartnar for deltakaren. Det er viktig å presisere at det ikkje er kontaktpersonen som skal gjennomføre handlingsplanen, men han eller ho er der som ein ekstra støttespelar for den unge leiaren (Ekeland J., 2014, «Mentoring. Lærende allianser i ledelse».) 

 

 

Her er aktuelle dokument for det komande del 1 av Leiarkurs for ungdom i Bergen 10-12 november 2023: 

 

 

 

Kontaktperson Vestland idrettskrets:

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag