Idrettens Møteplass
Idrettens Møteplass har vore arrangert av Sogn og Fjordane idrettskrins og Vestland idrettskrets i perioden 2017 - 2022. Møteplassen vert ikkje arrangert i 2023.
Idrettens Møteplass 2022 vart gjennomført i Trivselshagen og -hallen 5. november 2022. Under er rammeprogrammet vedlagt med deltakartal og kort omtale.
Rammeprogram 2022:
Felles foredrag, Kultursalen i Trivselshagen. Ca 50 deltakarar
- Nils Erik Ulset fortalte om sin veg som utøvar og si aktive karriere som skiskyttar og langrennsløpar med fleire gull frå Paralympics
- Mathias Lilleheim om Funksjonell trening for optimal bruk av kroppen, retta mot idrettsutøvarar i alle aldrar. Funksjonelle treningsprinsipp handlar like mykje om skadeforebygging som om auka prestasjonsevne.
Felles lunsj, kantina i Trivselshagen. Her samlast alle som deltek på møteplassen til felles pizza i kantina. Gode samtalar og møte på tvers av idrettane og organisasjonsledd. Om lag 100 deltakarar til lunsj.
Treningssamling for ungdom på tvers av idrettar (dagssamling)
Trenarar var Magnus Hesjedal Hartwig og fire trenarar frå Sandane IL Turn. Opplegget var to treningsøkter med basistrening, "turn for ikkje-turnarar" og ei sosial/bli-kjent økt i tillegg til felles lunsj i Trivselshagen. 35 unge utøvarar mellom 12 - 19 år deltok på samlinga, som også blir gjennomført i samarbeid med Sogn og Fjordane friidrettskrins.
Kurs KlubbAdmin (medlemssystem, idrettslag)
Haustmøte i Sogn og Fjordane Skikrins
Haustmøte i Sogn og Fjordane Friidrettskrins
Haustmøte i Sogn og Fjordane Orienteringskrins
Styremøte i Vestland idrettskrets
Arrangementsstad: Sogndal vidaregåande skule/Sogndal idrettshall
Idrettens Møteplass vart i 2020 gjennomført i tråd med covid-19-restriksjonar i Førdehuset og på Førde Ungdomsskule i Sunnfjord kommune.
Idrettens Møteplass 2019 "tjuvstarta" med kurset "Klubbens styrearbeid i praksis". 10 deltakarar frå ulike idrettslag i Nordfjord fekk med seg nyttig kunnskap og delte erfaringar kring idretten sitt regelverk, ansvar og verkty for arbeidet.

Laurdagen starta med foredrag ved psykolog Ingvild Pettersen frå Sunn Idrett. Ingvild engasjerte dei kring 50 deltakarane med viktige tema som motivasjon, balanse i kvardagen og betydninga av fellesskapet. Ingvild delte også mykje av si og broren Øystein Pettersen si erfaring som aktive utøvarar i langrenn.



Kurs KlubbAdmin (Idrettskrinsen)
Haustmøte Skikrinsen
Haustmøte Friidrettskrinsen
Ope lagleiarmøte Orienteringskrinsen
Foredrag med Olympiatoppen Vest:
Dagen starta med ei kort innleiing frå styreleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins, Nils R. Sandal og intro frå Olympiatoppen Vest ved Pia Mørk Andreassen. Foredraget "Foreldre som ressurs" ved Michael Jørgensen vekte engasjement blant dei nær 70 deltakarane. Inspirasjon og motivasjon var dei mest delte tilbakemeldingane på kva ein tok med seg frå foredraget.


35 ungdomar deltok på treningssamling på tvers, under kyndig leiing av Atle Hole Sæterbakken frå Høgskulen på Vestlandet og basistrenar Cecilie Eriksen frå Olympiatoppen Vest. Ungdomane fekk grundig rettleiing og øving på grunnleggjande ferdigheiter - smilet kom fram og sveitten blei løyst! Kommentarar frå tilhøyrarar var at dette burde alle idrettar og lærarar i skulen få med seg. Det var lagt vekt på bruk av enkle hjelpemidlar/utstyr, slik at alt skulle vere overførbart til eigen treningskvardag.

Kurs tilrettelegging paraidrett hadde 8 deltakarar, med kurslærar Christian Jensen. Kurset fekk toppkarakterar frå deltakarane i høve fagleg tilnærming og praktisk utbyte.

Andre forum/kurs denne dagen:
Haustmøte Sogn og Fjordane Skikrins
Ope lagleiarmøte Sogn og Fjordane Orienteringskrins
Møte Sogn og Fjordane Friidrettskrins
Vi takkar for oppmøtet!
Alle foto: Sogn og Fjordane idrettskrins
Over 180 var innom den første utgåva av Idrettens Møteplass, der Johan Kaggestad innleia med foredraget "Allsidig grunnlag for å nå toppen".
Johan Kaggestad. Foto: Idrettskrinsen.
Johan Kaggestad innleia med foredraget «Allsidig grunnlag for å nå toppen». Med fagleg tyngde kombinert med humoristiske vinklingar fenga og traff det godt blant dei over 100 frammøtte.
På boksleppet «50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane» fortalte forfattar Rune Fossum Lillesvangstu om møta med dei ulike idrettsheltane og både dei kjende og ukjende historiene.
Etter lunsj var det ulike møter og kurs. Årets idrettsrådsamling med fokus på kommunesamanslåing, kurs i økonomistyring for idrettslag, haustmøtet til Sogn og Fjordane Skikrins og ope lagleiarmøte til Sogn og Fjordane Orienteringskrins.

Parallelt gjekk «Treningssamling på tvers» føre seg i Sogndal idrettshall. Over 50 unge utøvarar mellom 12 og 16 år gjennomførte 2 basisøkter saman med Mathias Lilleheim, Even Hole og Reidunn Bergheim. Her fekk ungdomane trene og bli kjent med kvarandre på tvers av idrettane.
Treningssamling for ungdom har vore arrangert som ei basissamling på tvers av idrettar for målgruppe 12 - 19 år. Treningssamlinga har vore arrangert som ein del av Idrettens Møteplass frå 2017 - 2022, men vert ikkje arrangert i 2023.