Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Temakveldar

Idrettskretsen har høve til å skreddarsy fagmøte eller temakveldar for idrettslag og idrettsråd. I menyen under ser du forslag til tema, men ta gjerne kontakt med oss for ein prat om kva behov idrettslaget har.

 

    OLTV arrangerer 8-timars grunnleggende kurs samt workshops i basistrening for ulike idrettar.

    Oversikt over kurstilbud basistrening

    Kontaktperson:
    Olympiatoppen Vest
    v/Lars-Arne Andersen
    Olympiatoppenvest@idrettsforbundet.no
    mobil 95 27 29 20.

    Idrettskretsen har høve til å legge til rette for fagtema som til dømes ernæring og mental trening. Her vil ein nytte Olympiatoppen Vest sin kompetanse. 

    Lenke til Olympiatoppen Vest

    Idrettskretsen kan legge til rette for ulike typar fagsamlingar med tema barneidrett. Til dømes:

    Idékurs barneidrett:
    2-4 timar med påfyll og oppfrisking av kunnskap etter aktivitetsleiarkurs, eller som ein oppstart for deg som nettopp har byrja som aktivitetsleiar. Idékurset er i hovudsak praktisk retta og gir tips til aktivitetar i barneidretten, men har også ein kort teoretisk del innleiingsvis. 

    Samling for barneidrettsansvarlege:
    Idrettskretsen inviterer barneidrettsansvarlege i idrettslaga til fagleg påfyll og erfaringsutveksling. 

    Temakveld barneidrett:
    Ein temakveld om barneidrett i idrettslaget vil m.a. eigne seg godt for å involvere foreldre/føresette og skape motivasjon for å engasjere seg i barneidrettsarbeidet. Sentrale spørsmål på ein temakveld i idrettslaget er:
    - Kva er god barneidrett?
    - Kva er viktig for barn i idretten?
    - Korleis vil ein ha barneidretten i laget?
     
    Idrettskretsen har rettleiarar som kan legge til rette for gjennomføring i idrettslaget. Sjå også temakveld ungdomsidrett. 

    Faginnlegg på foreldre-/medlemsmøte: 
    Tema kan til dømes vere idrettens barnerettigheiter og bestemmelsar, verdiar, allsidig grunnlag, allidrett for barn/ungdom. Ta kontakt med idrettskretsen, slik at vi får avklart behova til idrettslaget og lagt til rette for eit best mogleg innhald. 

    Fagseminar:
    Idrettskretsen arrangerer fagseminar, der barneidrett kan vere tema. Følg med i idrettskretsen sin kalender for informasjon om slike arrangement.  

    Kontaktperson barneidrett:
    Idrettsfagleg konsulent Bodil Ryste 
    Tlf. 97518349, epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no 

    Målet med temakveld ungdomsidrett er å gjere idrettslaget meir bevisst tilbodet dei har for ungdom i alderen 13-19 år, samt å diskutere moglege tiltak og handlingar idrettslaget kan sette i verk. Idrettskretsen har rettleiarar som gjerne kjem til idrettslaget og legg til rette for gjennomføring.
     
    Tidsbruk: 1 - 1,5 time
     
    For kven?
    Hovudstyret i idrettslaget, evt. ilag med undergruppene.
    Deretter kan ungdomsidrettskvelden gjennomførast med ungdom, trenarar, foreldre eller eventuelle undergrupper i idrettslaget.)
     
    Møtet er kostnadsfritt for idrettslaget.

    På ein slik temakveld vil du få med deg grunnleggande informasjon om gjennomføring av eit årsmøte i idrettsrådet eller idrettslaget. Vi ser på aktuelle lover og kjem med døme på innkalling, årsmelding, sakliste, saksdokument og protokoll.