Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Aktivitetsleiarkurs barneidrett

idrettslek11.jpg

Idrettsforbundet har eit eige aktivitetsleiarkurs for barneidrett som er eit grunnleggjande bidrag til kunnskap om korleis aktivitet for barn skal bli tilrettelagt og leia. Det er barnet sine behov og heilheitlege utvikling som står sentralt, slik at barnet opplev glede, tryggleik og meistring. Dette kurset er generelt og går på tvers av alle særidrettar.

Målgruppe: Trenarar og leiarar for barn i alderen 5-12 år i den frivillige idretten, eller aktivitetsleiarar i barnehage, skulefritidsordning eller skule. 

Krav til deltakar: Må vere fylt 14 år det året ein tek kurset. Må gjennomføre e-læringa "Barneidrettens verdigrunnlag" før kursstart (sjå informasjon under praktisk gjennomføring). 

Pris: Ved opne kurs kr. 750,- per deltakar. Ved kurs internt i idrettslaget, ta kontakt. Prisen inkluderer boka "Barneidrettstreneren". 

Du finn også informasjon på Idrettsforbundet sine nettsider. 

    Kurset er verdibasert og legg vekt på:
    • Kva som gjer barn trygge
    • Kva som gir barn størst muligheit for å oppleve meistring og glede 
    • Norsk idrett har som mål å beholde flest mulig lengst mulig. Dersom barn sitt første møte med idretten gir gode opplevingar i eit trygt fellesskap, kan mange bli fysisk aktive gjennom eit heilt liv.

    Aktivitetsleiar skal ved fullført kurs ha kunnskap om:
    • Idretten sitt verdigrunnlag
    • Idretten sine barnerettigheiter og bestemmelsar om barneidrett
    • Barn si utvikling og aldersrelaterte trening
    • Organisering av hensiktsmessig aktivitet
    • Eiga trenarrolle
    • Kurset er generelt og går på tvers av alle særidrettar.

    Modulane i kurset: 

    • Barneidrettens verdigrunnlag 
    • Barn si læring og utvikling
    • Kva kjenneteiknar ein god barneidrettstrenar?  
    • Praktisk gjennomføring av økt

    E-læring:
    Alle deltakarar må gjennomføre e-læring på førehand (ca 2 timar). E-læringa heiter "Barneidrettens verdigrunnlag" og ligg under Trenerløypa på ekurs.nif.no (krev innlogging/brukar på Min idrett/Idrettens ID). 

    Undervisning:
    Undervisning (teoretisk/praktisk) med kurslærar kan gjennomførast fredag ettermiddag og laurdag, laurdag og søndag eller over 3-4 kurskveldar. Total varigheit er 14 timar. 

    Lokale:
    Ved interne kurs i idrettslaget er fint om ein kan disponere eit møte-/klasserom og ein gymsal, men her kan ein også finne fleksible løysingar. Ved opne kurs finn Idrettskretsen kurslokale.

    Praktisk informasjon:
    Deltakar må stille med kle som passar til aktivitet, og er sjølv ansvarleg for å ta med mat og drikke. 

    Kontakt: 

    Idrettens Hus Førde: Bodil Ryste, tlf. 97518349. Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no 

    Idrettens Hus Bergen: Martin Uthaug, tlf. 97538679. Epost: martin.uthaug@idrettsforbundet.no