Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

 

Webinar om allidrett

innebandy foto eirik førde.jpg
Foto: Eirik Førde
Sted: Digitalt Teamsmøte
Start: 07.09.2020 19:00 Slutt: 07.09.2020 20:30

Fekk du ikkje med deg webinaret om allidrett i mai? No får du sjangsen på nytt.

Tid: 7. september kl. 19 - 20.30
Stad: Digitalt via Microsoft Teams

Allidrett blir også kalla idrettsskule, og er eit tilbod der barn og unge får prøve fleire ulike idrettar. Webinaret er for deg som som er engasjert i allidrettstilbodet i idrettslaget ditt, eller har lyst til å starte opp eit slikt tilbod for barn og/eller ungdom. Webinaret er ope for alle interesserte, så del gjerne informasjonen med andre i idrettslaget. Obs, du må melde deg på på førehand (sjå under). 

Førebels agenda for temakvelden:

- Kva er allidrett for barn og ungdom, kvar finn ein meir informasjon og verktøy ein kan nytte i idrettslaget 
- Barneidrettens verdigrunnlag inkl. idrettens barnerettar og bestemmingar
- Økonomiske støtteordningar (oppstarts- og utviklingsstøtte, utstyrsordning)
- Kvifor og korleis drive allidrett? Her får vi også med døme frå idrettslag som delar av sine erfaringar og korleis dei organiserer tilbodet 

Det blir høve til å stille spørsmål via chat i møtet - og du kan også sende inn på førehand via påmeldingsskjemaet. 

Påmelding innan søndag 6. september:
Trykk på denne linken for å melde deg på. 

 "Oppskrift" for å delta finn du her. 

Ved spørsmål eller innspel, ta kontakt med: 
Idrettsfagleg konsulent i Vestland idrettskrets, Bodil Ryste. Tlf. 975 18 349. Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no