Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

 

Webinar om allidrett

innebandy foto eirik førde.jpg
Foto: Eirik Førde
Sted: Digitalt Teamsmøte
Start: 26.05.2020 19:00 Slutt: 26.05.2020 20:30

Allidrett blir også ofte kalla idrettsskule, og er eit variert aktivitetstilbod der barn/unge får prøve fleire ulike aktivitetar og idrettar. No inviterer vi for første gong deg som er engasjert i allidretten til temakveld.

Temakvelden blir gjennomført som webinar via Teams, tysdag 26. mai kl. 19 - 20.30. 

Webinaret er for deg som som er engasjert i allidrettstilbodet i idrettslaget ditt, eller har lyst til å starte opp eit slikt tilbod for barn og/eller ungdom. Webinaret er ope for alle interesserte, så del gjerne informasjonen med andre i idrettslaget. Obs, du må melde deg på på førehand (sjå under). 

Førebels agenda for temakvelden:

- Kva er allidrett for barn og ungdom, kvar kan ein finne aktuell informasjon 
- Barneidrettens verdigrunnlag inkl. idrettens barnerettar og bestemmingar
- Økonomiske støtteordningar (oppstarts- og utviklingsstøtte, utstyrsordning)
- Kvifor og korleis drive allidrett? Her får vi også med 2-3 idrettslag som delar av sine erfaringar og korleis dei organiserer tilbodet 
- Sara Stokken Rott frå Vestland idrettskrets sitt ungdomsutval fortel frå arbeidet med bacheloroppgåva si om allidrett for ungdom 

Det blir høve til å stille spørsmål via chat i møtet - og du kan også sende inn på førehand via påmeldingsskjemaet. 

Bodil Ryste leiar temakvelden saman med Grethe Hillestad. 

Link for å delta i møtet:

Bli med i Microsoft Teams-møte

 "Oppskrift" for å delta finn du her. 

Ved spørsmål eller innspel, ta kontakt med: 
Idrettsfagleg konsulent i Vestland idrettskrets, Bodil Ryste. Tlf. 975 18 349. Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no