Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

 

Webinar for barneidrettsansvarlege

barneidrett foto eirik f.jpg
Foto: Eirik Førde, NIF
Sted: Digitalt på Teams
Start: 13.10.2020 19:00 Slutt: 13.10.2020 20:30

Fekk du ikkje med deg webinaret for barneidrettsansvarlege i juni? No får du nye sjangsar!

Dato og tid: Tirsdag 13. oktober kl. 19.00 - 20.30. Påmelding innan søndag 11. oktober HER!
Stad: Digitalt via Teams

Målgruppe:
I alle idrettslag som organiserer idrettsaktivitet for barn (til og med 12 år), skal styret nemne opp ein ansvarleg for barneidretten. Målgruppa for dette webinaret er i hovudsak deg som har rolla som barneidrettsansvarleg, men andre som er engasjert i barneidretten i idrettslaget er også velkomne til å delta.

I dette webinaret går vi gjennom:
- barneidrettens verdigrunnlag og barns utvikling
- idretten sine barnerettar og bestemmingar
- kvifor barneidrettsansvarleg, og kva oppgåver ligg til rolla?
- kvar finn ein relevant informasjon (t.d. retningslinjer og anbefalingar)
- erfaring frå barneidrettsansvarleg i idrettslag

Det blir høve til å stille spørsmål, og du kan også sende inn spørsmål og innspel i påmeldingsskjemaet.

I forkant av møtet vil du få tilsendt ein link til møtet på epost. Oppskrift på korleis du deltek i Teams-møte finn du her.

Spørsmål eller innspel:
Idrettsfagleg konsulent, Bodil Ryste. Tlf. 975 18 349. Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no