Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

 

Webinar for barneidrettsansvarlege

foto eirik førde smil.jpg
Foto: Eirik Førde, Norges Idrettsforbund
Sted: Digitalt møte på Teams
Start: 16.09.2020 19:00 Slutt: 16.09.2020 20:30

Fekk du ikkje med deg webinaret for barneidrettsansvarlege i juni? No får du nye sjangsar!

Dato og tid: 
Onsdag 16. september kl. 19 - 20.30 (Teams). Påmelding HER! 

Passar ikkje tidspunktet? Vi gjennomfører samme webinaret tirsdag 13. oktober kl. 19 - 20.30 (Teams). Påmelding HER!

Målgruppe:
I alle idrettslag som organiserer idrettsaktivitet for barn (til og med 12 år), skal styret nemne opp ein ansvarleg for barneidretten. Målgruppa for dette webinaret er i hovudsak deg som har rolla som barneidrettsansvarleg, men andre som er engasjert i barneidretten i idrettslaget er også velkomne til å delta. 

I dette webinaret går vi gjennom:

- barneidrettens verdigrunnlag
- idretten sine barnerettar og bestemmingar
- kvifor barneidrettsansvarleg, og kva oppgåver ligg til rolla?
- kvar finn ein relevant informasjon (t.d. retningslinjer og anbefalingar) 
- erfaring frå barneidrettsansvarleg i idrettslag

Det blir høve til å stille spørsmål i chat, og du kan også sende inn spørsmål og innspel i påmeldingsskjemaet.

I forkant av møtet vil du få tilsendt ein link til møtet på epost. Oppskrift på korleis du deltek i Teams-møte finn du her. 

Sjå også webinar om allidrett mandag 7. september! 

Spørsmål eller innspel: 

Idrettsfagleg konsulent, Bodil Ryste. Tlf. 975 18 349. Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no