Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

 

Trygg på trening Årdal

Trygg på trening header.jpg
Sted: Årdal bibliotek, Farnesvegen 3.
Start: 28.09.2020 19:00 Slutt: 28.09.2020 21:00

Foredraget Trygg på trening handlar om kva vi som trygge vaksne skal gjere om vi mistenker at eit barn kan vere utsett for eit overgrep, og gi oss verktøy til å skape idrettslag og idrettsmiljø som er trygge for alle barn.

Foredraget er spesielt relevant for alle trenarar, lagleiarar, tillitsvalde og foreldre/føresette i idrettslaga. Gjennom auka kunnskap om førebygging av seksuelle overgrep og trakassering, vil vi bidra til sikrare og tryggare miljø i alle idrettslag. Dette angår oss alle! Nedre aldersgrense 16 år. 

Arrangerast i samarbeid med Årdal biblotok i samband med verdsdag for psykisk helse.

Trykk her for å sjå heile omtalen/invitasjonen til Trygg på trening-foredraga. 

Påmelding:
Det er viktig at du melder deg på på førehand. Då veit vi kor mange som kjem, noko som gjer at vi kan legge til rette for smittevern på ein god måte.

Påmelding gjer du her: https://minidrett.nif.no/Event#4049080-010

Kontaktperson Vestland idrettskrets: 
Bodil Ryste, tlf. 975 18 349
Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no