Illustrasjon
12
apr
2024

AVLYST - Møteplass for unge: Å vekse med idretten - kva moglegheiter finnast?

Arrangør: Ungdomsutvalet i Vestland idrettskrets
Sted: Scandic Ørnen, Bergen
Start: 12.04.2024 17:00
Slutt: 13.04.2024 16:30
Påmeldingsfrist: 22.03.2024 23:59    Meld deg på

Samlinga måtte dessverre avlysast på grunn av for få påmeldte.

For unge i idretten finnast det mange moglegheiter til å engasjere seg, men som kanskje ikkje alle veit om? Om du ikkje er aktiv utøvar kan du til dømes vere trenar, dommar, ha ei rolle i eit styre, utval eller vere med å lage til arrangement. Denne samlinga er for deg mellom 15-26 år som vil møte andre engasjerte og vite meir om kva moglegheiter som finnast. 

Program: (det kan kome mindre justeringar i tidsskjema, og fyller på med meir detaljar om innlegg når det er klart): 

Fredag 12. april: 

  • kl. 17.00: Oppmøte/innsjekk
  • kl. 17.30: Velkommen. Oppstart workshop. 
  • kl. 18.30: Sofaprat Ungt engasjement
  • kl. 19.15: Inspirasjonsinnlegg
  • kl. 20.00: Middag 

Laurdag 13. april: 

  • kl. 09.00: Oppstart, plan for dagen
  • kl. 09.15 - 11.30: Blanding av innlegg og workshop 
  • kl. 11.30: Lunsj saman med idrettskretstinget
  • kl. 12.30 - 15.00: Blanding av innlegg og observasjon kretsting
  • kl. 15.00: Oppsummering/workshop
  • kl. 16.30: Slutt for dagen og heimreise. 

Målgruppe: 

Ungdom og unge vaksne, alder 15- 26 år, som er engasjert eller har lyst til å engasjere seg i idretten på andre/fleire måtar enn som aktiv idrettsutøvar. Vi ønsker at du er medlem av eit idrettslag, og dersom det kjem fleire påmelde enn dei 20 plassane vi har, vil vi prioritere dei som allereie har ei rolle (t.d. styremedlem, leiar, ungdomsrepresentant, dommar, trenar eller liknande). 

Overnatting: 

Vi ønsker at alle overnattar på hotellet, Scandic Ørnen. Det er bestilt 2- og 3-sengsrom til deltakarane. I påmeldinga kan du skrive inn kven du ønsker å dele rom med. 

Kostnad: 

Samlinga blir delvis dekka av Vestland idrettskrets, men det er sett opp ein eigenandel på kr. 1000,- per deltakar. Prisen inkluderer alle måltid fredag og laurdag, samt overnattinga. Det blir lagt opp til at idrettslaget/idrettsrådet/særkrets-regionen deltakaren representerer betalar deltakaravgifta. 

Samtykke: 

Deltakar under 18 år må levere inn samtykkeskjema frå foresatte som stadfesting på påmelding. Deltakar under 18 år blir kontakta etter påmelding for innlevering av skjema. 

Bilete:

I påmeldingsskjemaet er det spurt om samtykke til å bli tatt bilete av på samlinga og om desse kan nyttast på idrettskretsen si nettside og sosiale medier (facebook og instagram). Døme på bilete er fellesbiletet som ligg øvst på sida.