Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

 

Kurs tilrettelegging paraidrett - Førde

tilrettelegge-idrett-og-fysisk-aktivitet-for-barn-og-unge-med-funksjonsnedsettelse.jpg
Sted: Halbrend skule, Førde
Start: 29.02.2020 10:00 Slutt: 29.02.2020 14:00

Vil du lære meir om korleis ein kan legge til rette idrett og fysisk aktivitet for menneske med ulike funksjonsnedsetjingar? Vestland idrettskrets ønskjer alle interesserte velkomen til kurs i tilrettelegging paraidrett.

Tid: Laurdag 29. februar kl. 10 - 14 
Stad: Halbrend skule, Liavegen 35, Førde

Målgruppe: 
Trenarar, støtte-/treningskontaktar, lærarar, sfo-tilsette, fysioterapeutar, vernepleiarar og andre interesserte i alle ledd i idretten (idrettslag, idrettsråd, særkrets/region) som ønskjer å lære meir om idrett og fysisk aktivitet for menneske med funksjonsnedsetjingar. 

Innhald:
Kva vil det seie å ha nedsett funksjonsevne (rørsle-, syn-, høyrsle-, utviklingshemming), spesielle omsyn i tilrettelegging - og praktisk tilrettelegging med ulike øvingar og aktivitetar. 

Kurslærar: Merete Skadal, Vestland idrettskrets

Påmelding innan måndag 24. februar:
Via Min idrett på denne linken (eventuelt søk opp kurs-id 3522920 under fane for kurs). Alterantivt påmelding på epost til thea.christiansen@idrettsforbundet.no (oppgi namn, f.dato, epost, tlf.nr)

Det må vere minst 6 deltakarar for at kurset kan gjennomførast. 

Pris: Kr. 200 per deltakar (fakturerast i etterkant)

Praktisk informasjon:
Deltakar må ta med matpakke og drikke sjølv, samt skrivesaker, treningskle og sko til aktivitet i gymsal 

Her kan du finne kursinvitasjonen i pdf-format

Kontaktperson:
Vestland idrettskrets v/ fagkonsulent paraidrett Thea Christiansen. Tlf. 97776911. Epost: thea.christiansen@idrettsforbundet.no