Logo fylkeskommunen
30
jan
2023

Innspelsmøte om spelemiddelordninga

Arrangør: Kultur- og likestillingsdepartementet og Vestland fylkeskommune
Sted: Amalie Skram vgs. i Bergen
Start: 30.01.2023 12:00
Slutt: 30.01.2023 14:00
Påmeldingsfrist: 24.01.2023 23:59    Meld deg på

Kultur- og likestillingsdepartementet går gjennom ordninga og skal ha innspelsmøte i alle fylka. Måndag 30. januar, kl. 12.00 – 14.00 er turen komen til Vestland.

Dette blir ein svært viktig møteplass for alle som jobbar med, eller søkjer om spelemidlar. Hovudtema for møtet er nasjonal anleggspolitikk og bruken av spelemidlane.  

Statssekretær Gry Haugsbakken og seniorrådgjevar Trond Glasser i Kultur- og Likestillingsdepartementet kjem til Bergen for å ta i mot innspel knytt til spelemiddelordninga. 

Møtet blir gjennomført fysisk på Amalie Skram vgs. i Bergen, men det er også høve til å delta frå videostudio i Storehagen Atrium i Førde og på Stord vgs. på Stord. Det blir mogleg å kome med direkte innspel til departementet frå alle tre stadane. 

Du kan i tillegg følgje møtet frå eigen pc, men får då ikkje sjansen til å kome med innspel i møtet. 

Målgrupper  

Hovudmålgruppene for møtet er  

  • Tilsette og politikarar i kommunane i Vestland
  • lag og organisasjonar innan idrett, friluftsliv og eigenorganisert aktivitet
  • idretts- og friluftsråd
  • idrettskrets og særkretsar

 

Kom med innspel 

Departementet ønskjer spesielt innspel på følgjande punkt (sjå vedlegg for meir informasjon):  

  • Tema 1: Byggjer vi dei riktige anlegga?
  • Tema 2: Krav, vilkår og insentiv.
  • Tema 3: Kven bør ha ansvar for kva?

Her får alle høve til å seie meininga si om spelemiddelordninga og kome med innspel til eventuelle endringar. Du kan også kome med innspel på tema som til dømes 

  • ventetid på tildeling
  • organisering av ordninga
  • retningslinjer for ordninga
  • rammer for tilskot til ulike anleggstypar
  • kva anleggstypar som kan få spelemidlar

Tema og spørsmål for innspelsmøta i fylka


Program
 

  • Innleiing ved statssekretær Gry Haugsbakken (ca. 10 min)
  • Førebudde innlegg med innspel til spelemiddelordninga, frå ulike kommunar og organisasjonar 
  • «Ordet fritt». Deltakarane kan stille spørsmål og kome med innspel direkte til departementet 

 

Påmelding

Amalie Skram VGS i Bergen:

https://vlfk.pameldingssystem.no/innspelsmote-om-spelemiddelordninga-for-anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet-bergen

Dersom ein ønskjer å følgje møtet frå studio i Førde eller Stord kan ein melde seg på her (studio vert kopla med Auditoriumet på Amalie Skram, og ein vil ha høve til å komme med innspel til departementet herifrå):

Storehagen Atrium i Førde: https://vlfk.pameldingssystem.no/innspelsmote-om-spelemiddelordninga-for-anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet-forde

Stord VGS på Stord: https://vlfk.pameldingssystem.no/innspelsmote-om-spelemiddelordninga-for-anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet-stord

 

Om ein berre ønskjer å følgje møtet digitalt kan ein melde seg på her (merk at ein då ikkje har høve til å komme med innspel direkte i møtet):

https://vlfk.pameldingssystem.no/innspelsmote-om-spelemiddelordninga-for-anlegg-for-idrett-og-fysisk-aktivitet-digitalt

 

PÅMELDINGSFRIST: Tysdag 24. januar 2023 kl. 23.59