30
okt
2021

Klubbens styrearbeid i praksis Sogndal

Arrangør: Vestland idrettskrets
Sted: Sogndal VGS
Start: 30.10.2021 13:00
Slutt: 30.10.2021 17:00

Som del av Idrettens Møteplass i Sogndal, inviterer vi til kurs for idrettslag. Dette kurset gir deltakarane grunnleggande forståing for kva som er styret sitt ansvar og arbeidsområde, og kva det vil sei å vere tillitsvalt i eit idrettslag.

Du blir kjent med dei viktigaste lovene og reglane som idrettslaget må forhalde seg til, og du får tips om gode verktøy for styrearbeidet. Uansett om du er ny eller har mange år bak deg kan eit styrekurs vere med på å gjere kvardagen enklare i idrettslaget. 

Kurset er delt inn i tre hovudtema:

  • Ansvarsoppgåver
  • Strategioppgåver
  • Ressursoppgåver

Her kan du lese utfyllande informasjon om kurset.