21
sep
2021

Klubbens styrearbeid i praksis Bryggja/digitalt

Arrangør: Vestland idrettskrets
Sted: Bryggja Kulturhus eller digitalt
Start: 21.09.2021 17:30
Slutt: 21.09.2021 21:30
Påmeldingsfrist: 20.09.2021 23:59    Meld deg på

Kurset gir deltakarane grunnleggande forståing for kva som er styret sitt ansvar og arbeidsområde, og kva det vil seie å vere tillitsvald i eit idrettslag.

Korleis delta?
På dette kurset blir det lagt til rette både for deltaking med fysisk oppmøte på Bryggja, og for digital deltaking på Teams. Du opplyser korleis du vil delta i påmeldingsskjemaet. Det er 15 plassar i kurslokalet på Bryggja. 

Innhald i kurset:
Du blir kjent med dei viktigaste lovene og reglane som idrettslaget må forhalde seg til, og du får tips om gode verktøy for styrearbeidet. Uansett om du er ny eller har mange år bak deg kan eit styrekurs vere med på å gjere kvardagen enklare i idrettslaget.

Det vert lagt opp til pausar og involvering av deltakarane undervegs i kurset. Deltakarane får presentasjonen inkludert ei sjekkliste dei kan jobbe vidare med etter kurset.

Kurshaldarar: Bodil Ryste og Erling Benjaminsen, Vestland idrettskrets

Påmelding innan 20. september på denne linken

Her kan du lese utfyllande informasjon om kurset.

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag