06
okt
2021

Klubbens styrearbeid i praksis Førde

Arrangør: Vestland idrettskrets
Sted: Idrettens Hus, Firdavegen 6 (Concordbygget)
Start: 06.10.2021 18:00
Slutt: 06.10.2021 22:00
Påmeldingsfrist: 03.10.2021 23:59    Meld deg på

Kurset gir deltakarane grunnleggande forståing for kva som er styret sitt ansvar og arbeidsområde, og kva det vil seie å vere tillitsvald i eit idrettslag.

Du blir kjent med dei viktigaste lovene og reglane som idrettslaget må forhalde seg til, og du får tips om gode verktøy for styrearbeidet. Uansett om du er ny eller har mange år bak deg kan eit styrekurs vere med på å gjere kvardagen enklare i idrettslaget. 

Kurset er delt inn i tre hovudtema:

  • Ansvarsoppgåver
  • Strategioppgåver 
  • Ressursoppgåver 

Det vert lagt opp til pausar og involvering av deltakarane undervegs i kurset. Deltakarane får presentasjonen inkludert ei sjekkliste dei kan jobbe vidare med etter kurset. 

Kurslærar: Eli Orre, Vestland idrettskrets
Pris: Gratis

Her kan du lese utfyllande informasjon om kurset. 

Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag