Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

 

Utsett! Klubbens styrearbeid i praksis - Bryggja (Stad)

Sted: Bryggja
Start: 15.04.2020 17:30 Slutt: 15.04.2020 21:00

Dette kurset gjev ei grunnleggande forståing for kva som er styret i idrettslaget sitt ansvar og arbeidsområde, og kva det vil seie å vere tillitsvald i eit idrettslag. Passar godt for å få ein god start etter årsmøtet - både for nye og erfarne tillitsvalde.

Obs! Oppdatert 2.4.20: Kurset er utsett på ubestemt tid pga restriksjonar i samband med koronavirus.
 
 
Målgruppe: Hovudstyret, gruppestyra, ev. administrasjon, sportsleg leiar/utval, valkomité, andre tillitsvalde
 
Kurset er delt i tre hovudtema:
 
Ansvarsoppgåver:
Kva formelt ansvar har styret og kva kan gjerast for å ivareta ansvaret? Idretten sine lover og reglar, styret sitt ansvar og økonomistyring.
 
Strategioppgåver:
Korleis sikre at idrettslaget står sterke til å møte framtidige utfordringar?
 
Ressursoppgåver:
Kva ressursbehov har idrettslaget og korleis ivareta dei? Organisering og samspel med dei ressursane som finst i idrettslaget.
 
E-læring:
Det er ikkje obligatorisk e-læring i forkant, men e-læringskurset "Innføring i styrearbeid for idrettslag" gir nyttig kunnskap. Du finn kurset her:  ekurs.nif.no (under fana "Ledelse"). Kurset krev innlogging med idrettens ID (Min Idrett).  
 
Kurslærar: Anne Leversund
 
Kontaktperson i Vestland idrettskrets:
Idrettsfagleg konsulent Bodil Ryste. Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no
Tlf. 975 18 349