21
okt
2023

Barneidrettstrenaren Gulen

Arrangør: Vestland idrettskrets og Gulen idrettsråd
Sted: Dalsøyra skule
Start: 21.10.2023 10:00
Slutt: 22.10.2023 17:00
Påmeldingsfrist: 14.10.2023 23:59    Meld deg på

Velkommen til Barneidrettstrenarkurs!

Målgruppe: Trenarar og aktivitetsleiarar for barn i alderen 5 - 12 år.

Her lærer du om korleis du organiserer og legg til rette for leikbaserte aktivitetar på tvers av idrettsgreiner. Kurset tek opp betydninga av trygge rammer, relasjon og meistring. Du vil også lære om tilpassing til ulike nivå, aldrar og ferdigheiter. Ikkje minst får du praktisk øving i å planlegge og gjennomføre ei økt i barneidretten.   

Tidsramme: 

  • Laurdag 21. oktober kl. 10.00 - 17.00
  • Søndag 22. oktober kl. 10.00 - 17.00 

Merk forarbeid: 

Kurshaldar: 

  • Trenerutvikler Vestland idrettskrets, Erik Rustad. Tlf. 953 68 962

Kontaktperson Gulen idrettsråd: 

  • Monica Rongved, tlf. 992 31 514
Bodil Ryste
Bodil Ryste
Rådgjevar idrettsfag

Grethe Hillestad
Grethe Hillestad
Rådgiver