Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

 

Aktivitetsleiarkurs barneidrett Sogndal

Sted: Sogndal
Start: 25.09.2020 17:30 Slutt: 26.09.2020 17:00

Vil du lære meir om barneidrettens verdigrunnlag, barns utvikling og trenarrolla, og få mykje praktiske tips og øving på aktivitetar som passar for barn og unge? Då må du bli med oss på aktivitetsleiarkurs.

Her finn du generell informasjon om kurset, t.d. målgruppe, krav til deltakar og innhald i kurset. 

Tid:
Fredag 25. september kl. 17.30 - 21.30
Laurdag 26. september kl. 09.00 - 17.00 

Stad: Sogndal. Trudvang skule. 

Påmelding - via denne linken (eller søk opp kurset  3898815 under kurs på Min idrett). Det er nokre få ledige plassar att på kurset. 

Viktig informasjon om e-læring
NB - alle deltakarar må gjennomføre e-læringa Barneidrettens verdigrunnlag på førehand. E-læringa finn de i nedtrekksmenyen under Trenarløypa på ekurs.nif.no (merk at du må logge inn med Idrettens ID/Min-idrett brukaren din, eller opprette ny brukar om du ikkje har frå før). Kursbevis (skjermbilete er ok) visast fram til kurslærar. 

Praktisk informasjon

  • Kle: Ta med kle som passar til aktivitet både fredag og laurdag. Merk at ein del av aktiviteten kan bli utandørs, og ta difor med passande kle til utandørs aktivitet. Arrangør vil opplyse om dette på førehand.
  • Mat: Alle deltakarar må ta med det ein treng av mat og drikke.
  • Kursmateriell: Alle deltakarar får boka Barneidrettstrenaren og eit hefte med aktivitetsforslag. Presentasjon vert sendt ut i pdf i etterkant. NB! Deltakar må ta med skrivesaker sjølv. 

Smittevern
Merk at kurset vert gjennomført i tråd med offentlege smittevernsreglar. Informasjon om smittevern på kurs kan du sjå her. Hovudreglane er slik:

  • Er du sjuk eller har symptom på sjukdom, skal du ikkje møte
  • Alle må overhalde god hand- og hostehygiene
  • Avstand: Det vert lagt til rette for 1m-avstand både på teori og praktisk del. Einskilde av aktivitetane ein går gjennom kan berre bli forklart, men det vert framleis mykje praktisk øving. 

Pris:
Kr. 750,- for deltakarar som ikkje er medlem i Sogndal IL. Medlemmar i SIL, samt evt. andre som er involvert i allidrett for barn/ungdom i SIL vert prioritert til kurset dersom det vert fullt. 

Kurslærar: Ann Kristin Remmen (kurslærar for både Vestland og Møre og Romsdal idrettskrets) 

Kontaktperson: 
Bodil Ryste, Vestland idrettskrets. Tlf. 975 18 349. Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no