Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).

Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

 

Aktivitetsleiarkurs barneidrett - Byrkjelo

ballek.jpg
Foto: Eirik Førde
Sted: Breim skule, Byrkjelo
Start: 14.03.2020 09:30 Slutt: 15.03.2020 14:30

Saman med Breimsbygda IL arrangerer idrettskretsen Aktivitetsleiarkurs barneidrett på Breim skule 14. - 15. mars 2020. Vi ønskjer alle som ønskjer å lære meir om å leie aktivitet for barn i alderen 5-12 år velkomen til kurs!

Tid og stad: 
Breim skule, Byrkjelo. 
Laurdag 14. mars kl. 9.30 - 16.30
Søndag 15. mars kl. 9.30 - 14.30
 
Målgruppe:
Trenarar og leiarar for barn i alderen 5-12 år i den frivillige idretten, eller aktivitetsleiarar i barnehage, skulefritidsordning eller skule. Kursdeltakar må vere fylt 14 år det året ein tek kurset.
 
Innhald:
Kurset inneheld både teori og praksis i følgande emner: Idrettens verdigrunnlag, barns læring og utvikling, aktivitetsleiarrolla, samt planlegging, gjennomføring og evaluering av økt.

Mål:
Etter gjennomført kurs skal ein kunne leggje til rette og leie aktivitet for barn, slik at barna opplever glede, tryggleik og meistring i idrettsaktiviteten for aldersgruppa opp til 12 år.
 
E-læring:
E-læringa Barneidrettens verdigrunnlag må gjennomførast før kursstart (ca 2 timar). Link: ekurs.nif.no. Logg inn eller opprett ny brukar. Gå til trenarløypa og velg «Barneidrettens verdigrunnlag» i nedtrekksmenyen. 
Timetal: 12t med kurslærar + 2t e-læring
   
Kurslærar: Ann Kristin Remmen, Vestland idrettskrets

Påmelding:
Innan tysdag 10. mars på epost til Bodil Ryste, Vestland idrettskrets: bodil.ryste@idrettsforbundet.no Nødvendige opplysningar: Namn, f.dato, epost, telefonnummer og idrettslag.

Det må vere minst 10 deltakarar for at kurset gjennomførast. Maks 25 deltakarar.

Praktisk info:
Deltakar må ta med matpakke og drikke sjølv, samt skrivesaker. Deltakar må ha med treningskle/sko til innandørs bruk både laurdag og søndag.
 
Kursavgift:
Kr. 750 per deltakar. Ved 5 eller fleire deltakarar frå same idrettslag er prisen kr. 600,- per deltakar. Kursavgifta inkluderer boka Barneidrettstrenaren. Kursavgifta vert fakturert i etterkant. 
 
Her er link til invitasjon i pdf
 
Kontaktperson:
Vestland idrettskrets v/Bodil Ryste, tlf.: 975 18 349. Epost: bodil.ryste@idrettsforbundet.no